Fotballkamp

Opprykket sikra

Publisert Sist oppdatert

Laurdag var det kamp i herrenes 5.div på Rinnvollen og i alldeles forferdeleg grisevèr viste heimelaget kvifor dei er serieleiar! Gjestane frå Svorkmo blei overkøyrd i dei fleste fasar i spelet og dei kvitkledde heimeheltane stoppa ikkje før dei hadde sett seks ballar i nota! Opprykket er sikra!

Sjølv om regnet øsa ned og vinden var stri, gjekk heimelaget rett i strupen på gjestane frå Svorkmo frå avspark av. Det vart produsert sjansar på løpande band, men det skulle gå tjue minuttar før det ga teljande resultat. Daniel H. Eide fekk æra av å setje inn det første for dagen. Nevnte Eide fekk òg ei scoring, korrekt nok, annulert for offside før dette. Men no satt den altså. Berre fire minuttar seinare var det Martin B. Fjerstad sin tur til å scora. Han tråkla seg gjennom det som var av Svorkmo-forsvararar, keeper inkludert, og sette ballen enkelt i nota! Kjempeprestasjon! Fjerstad hadde òg ein ball til i nota før dette, men blei på tvilsomt vis fråteke scoringa grunna offside. Daniel H. Eide rakk å setje inn eit mål til før pause og heimelaget kunne gå i garderoba med ein komfortabel og fortent 3-0 leiing.

Etter pausen hadde heimelaget foreteke nokre bytter og inn kom målgrossist Roy Bolme. Bolme beviste nok eingong at dei gamle er eldst og sette ballen i nota etter berre fem minuttars spel i andre omgang. Svorkmo var meir med på notane i andre omgang, men det lille dei fekk til framom heimelagets mål, tok målvakt Anders Grytbakk seg av på meisterleg vis. Roy Bolme var ikkje ferdig for dagen og sette inn både 5-0 og 6-0 før pipeblåsaren bles av kampen! Dermed vart det ein komfortabel seier og Rindal blir å finna i 4.divisjon neste år!

For å trekka fram enkeltspelarar, så var Daniel H. Eide og Sondre Bolme gode, samt at playmaker på midtbana, Sander S. Staurset, var meget toneangivande i dag! Vi skal vel ikkje gøyme hattricket til Roy Bolme heller.

Reknar med det blir litt opprykksfeiring i kveld! Velfortent sådan!

Rindals lag:

Anders Grytbakk, Sondre Aune, Edvard B. Fjerstad, Geir Magne Glåmen, Jørgen Gjerstad, Geir Bævre, Sander Strømme, Are Aune, Sondre N. Bolme, Daniel H. Eide og Martin B. Fjerstad.

Benytta innbyttarar:

Eirik Solem, Torstein Heggem, Sander L. Kattem, Roy Bolme, Magnar Reitan, Lars Aleksander Løset Møkkelgård.

Trollheimsporten gratulerar med opprykket!

Fotballkamp
Daniel Hagen Eide.
Fotballkamp
Daniel i gjennom.
Fotballkamp
Feiring av mål! Roy Bolme og Daniel H. Eide.
Fotballkamp
Martin tråklar seg igjennom.
Mange mennesker med paraply ved en fotballbane.
Publikum.
Fotballkamp
Roy Bolme.
Fotballkamp
Stor sjanse.
Powered by Labrador CMS