Rindal Il Fotball 4.divisjon

Årets første trepoenger ble innkassert på Heggøya

Årets første seier

Rindals 4.divisjonslag kjempa godt og kunne innkassera årets første trepoengar då Tynset var motstandar laurdag. Kampen vart spelt på Heggøya kunstgras, då banetilhøva i Rindal ikkje tillèt spel såpass tidleg i sesongen. Kampen var ganske så jamnspelt, men tungen på vektskåla var ein særs opplagd Daniel Hagen Eide, som ikkje ga seg før han hadde sett tre ballar bak Tynsets sisteskanse.

Publisert Sist oppdatert

Kampen var ikkje meir enn seks minuttar gamal før nemde Eide snappa ballen og runda keeperen og gav heimelaget ledelsen! 

I byrjinga såg heimelaget ut til å vera det beste laget, men gjestane kjempa seg inn i matchen og fekk eit straffespark etter at Jørgen Gjerstad var litt for hardhendt med tynsetspissen. Noko billig var den nok, men straffen vart sett i nota bak ein sjanselaus Anders Grytbakk i heimeburet.

Etter dette bølga spelet fram og att, og sjølv om kanskje bortelaget hadde ballen mest, var det heimelaget som var best framom kassa. For etter vel halvtimen var Eide igjen der når Are Aune chippa ballen inn framom mål. Eide sette ballen inn frå kort hald! 2-1! Dette held seg heilt til pipeblåsaren sende laga til pause.

Tynset-keeperen klarerer

Andre omgangen starte lik eins som den første, med høgt tempo og bra spel av begge lag. Framleis med eit lite spelemessig overtak frå gjestane. Men kva gjer det, når mr. Eide er på tokt? Martin Bolme Fjerstad satte i gong eit kjempeløp og passerte alt som var av raudkledde tynsetingar og sende ballen vidare til Eide som vende av ein forsvarar og sette ballen mellom beina på keeper. 3-1!

Rindal forsvarer seg bra

Etter dette tok tynsetingane seg saman og køyrde hardt mot rindalsmålet, men rindalsforsvaret stansa alle angrepforsøk med godt forsvarsspel!

Rindal ridde av stormen og kunne innkassera fortente tre poeng! Av dei som gjorde ein god kamp, så kan Sondre Bolme nevnast, sjølvsagt i tillegg til hattrick-makaren Daniel Hagen Eide.

Tre-målshelt Daniel Hagen Eide

Rindalstrenar Lars Ole Heggem var sjølvsagt nøgd etter kampen, og rosa spelarane sine. 

- Dei har teke nivået mykje fortare enn eg hadde håpa på, og gjer kloke valg sjølv om det er hardare motstand og høgare tempo. 

- Vi brukte 17 spelarar i dag, noko som seier at vi har god bredde i stallen. Det lovar godt,  var Heggems kommentar etter kampen.

Trollheimsporten gratulerar.

Powered by Labrador CMS