Surnadal pensjonistlag:

Matpause på seterstølen.
Matpause på seterstølen.

Fjellgruppas tur til Ranessetra

Publisert

Tysdag 15. aug. hadde Fjellgruppa ein overlag fin tur til Ranessetra, den såkalla trekantturen.

Veret vart over all forventning, med delvis sol og behageleg varmt, alså betre enn vermeldinga tilsa! Vi, i alt 24 pensjonistar i god turmodus, starta opp frå Skeisnebba parkeringsplass.

Trekantturen gjekk først opp mot og over Salen, ned mot gapahuken der Gammalsetra ein gong stod. Så flott utsyn over bøgda, fjorden og Hjelmen på turen over Salen og frå gapahuken!

Det vart ein liten kvil ved gapahuken før turen gjekk vidare om Midtsetra, langs bekken og Ranessetervatnet til Ranessetra. Den gamle restaurerte steinsetra med seterskjel, kufjøs (16 m langt) og saufjøs ligg så naturleg og vakkert til ved Ranessetervatnet.

Setra vart bygd i 1878. Den siste seterdrifta var i 1935.

På setra venta Tor Asle Ranes oss, med nykoka kaffi. Han hadde tatt snarvegen og tent opp både på åren i seterskjelet og på utepeisen. I det fine veret inntok vi matpakke og kaffi ute på seterstølen. Vi storkosa oss i lag ei god stund før vi tok fatt på heimturen.

Så positivt at stadig nye folk sluttar seg til fjellgruppa! Fleire er hjarteleg velkomne! Og hugs, vi er ein triveleg gjeng!

Neste tur, tysdag 22. er veravhengig, så turmålet vert kunngjort seinare.

Start frå Skeisnebba parkeringsplass.
Start frå Skeisnebba parkeringsplass.
Sti prega av mange tråkk.
Sti prega av mange tråkk.
Tørrskodd over Salen.
Tørrskodd over Salen.
Vidt utsyn over bøgda frå Salen.
Vidt utsyn over bøgda frå Salen.
Ned mot Gammalsetra.
Ned mot Gammalsetra.
Nærmar oss gapahuken, Gammalsetra.
Nærmar oss gapahuken, Gammalsetra.
Utsikt mot Øverbøgda.
Utsikt mot Øverbøgda.
Nyter kvil med utsikt ved gapahuken.
Nyter kvil med utsikt ved gapahuken.
Ranessetra med kufjøs, seterskjel og saufjøs.
Ranessetra med kufjøs, seterskjel og saufjøs.
Ein turglad gjeng på Ranessetra.
Ein turglad gjeng på Ranessetra.
På heimtur frå Ranessetra.
På heimtur frå Ranessetra.
Powered by Labrador CMS