Skihistorie på Sjøbruksmuseet

Publisert

Skihistorie i juli? Ja – det er om sommaren Bøfjorden Historielag innbyr til søndagsprogram. Og skibragder er kultur året rundt!

Søndagens biletkåseri på museet gir særleg brei omtale av profilane Sigurd Røen og Edvin Landsem frå Rindalen. Sigurd vart dobbel verdensmester i 1937. Edvin deltok i OL både i 1952 og 1956. Via lydopptak får vi endatil høre desse to sjøl fortelje!

Edvin Landsem i fint driv over Besserudtjernet under eit Holmenkollrenn på 1950-talet.
Sigurd Røen hadde eit velfylt premieskåp – mellom anna med to VM-premiar.

Skihistoria spenner heilt frå vikingtida. Nordmøre hadde «Skiløbermøde» alt i 1862. Og særleg vart Rindalen sjølve «skibygda» - med sine mange fantastiske løparar.

Ein betydeleg løpar var også Olav Megård frå Halsa. Han var i landseliten på 1950-talet og er blant dei som får fortent plass i biletkåseriet.

Olav Megård frå Halsa representerte Norge i VM i Falun 1954.

Seinare års skibragder står derimot ikkje på plakaten denne gongen. Men det er ikkje umuleg at somme i salen kan gi bidrag til programmet med eigne minne frå løypa og hoppbakken.

Torbjørg og Inger Lise ordnar med kaffe og det som hører til. Og sesongutlodninga på museet går for fullt!

ANNONSE:

Powered by Labrador CMS