Medisin for mangt:
Apoteket berga «Sommer i Tyrol»
Historia om «Surnadal Apotek» handlar om meir enn tørre medikament. Kristian Halle sitt kåseri på museet i Bøfjorden baud på overraskande, innimellom litt skummel og i rikt monn artig underhaldning.
Som Øyvind Holte sitt bidrag: Han mista stemmen i opninga av «Sommer i Tyrol» i 1977. Gode råd var dyre. Måtte dei avlyse? - Ta ein drope av flaska på pianoet! sa ei av kordamene. - Ja, eg vætte tunga så vidt, hugsa Øyvind. - Og stemmen vart blank som gull. Apotekar Flo kunne vise tidenes vidunderkur – «Sommar i Tyrol-medisin»!.
Kulturhistorie
Spøk til alvor: Ut frå si ferske bok «Surnadal apotek 1925-2025» bretta forfattaren ut eit hundreår med utvikling og innsikt i produksjon og formidling av ofte livsviktig medisin. Og det i ei nordmørsbygd der han og kona Anne Grete Flo no bur i Apotekargarden.
Og ikkje berre bur der: Huset er kulturhistorie i fire etasjar. Særleg har Anne Grete, sjøl farmasøyt av fag, gjort loftet til eit unikt medisinhistorisk museum - fullt av varer frå dette apoteket.
Når så Kristen med imponerande kunnskap, pedagogens formidlingsevne og gode foto viste lokal medisinhistorie «frå innsida», var det stor respons og innleving hos forsamlinga. Noko av dette visste vi, mykje var spilder nytt - frå ei tid som var.
Innspel
Kommentarar frå salen mangla heller ikkje. Øyvind Holte si Tyroler-oppleving er nemnt. Sigmund Gravvold hugsa at han som bussjåfør frakta mykje medisin. Og da blodiglene kom på lerretet, kunne Gerd Anny Gjengstø skyte inn at den tid ho jobba på Norsk Medisinaldepot, hendte det at iglene kom spaserande på golvet om morgonen …
Boka om Surnadal Apotek var å få kjøpt, og fleire sikra seg den.
Mellom 30 og 40 var møtt fram på museet. Andre bør nytte sjansen viss dette programmet dukkar opp fleire stader - som det absolutt bør gjera!