Kyndelsmessebasaren 2020

Ingen Kyndelsmessebasar

I dag er det 2. februar, og det er Kyndelsmesse. Da skulle det eigentleg vore Kyndelsmessebasar i Rindal.

Publisert Sist oppdatert

I dette pandemi-året blir det brot på denne lange tradisjonen. Basar med åresalg og matsalg er uråd.

Kanskje du likevel vil støtte misjonsarbeidet?

Da kan du vippse til 634919
merk Basar
eller sende ein sum til
bankkonto 4111.43.32001
merk Basar

Den første basaren på Kyndelsmessedagen var 2. februar 1893. Alt i 1888 var det misjonsutlodning i Rindal kyndelsmessedagen. Sidan meiner ein at det har vore Kyndelsmessebasar rundt denne dagen kvart år, og mange både unge og eldre har minner og gevinstar frå slik basar.

Kyndelsmesse

Kyndelsmesse er ein av dei gamle merkedagane på primstaven. Primstavmerket er gjerne ein sjuarma lysestake, men kan også være ei krone eller ei lilje.

Namnet kjem frå det latinske ordet candela, som betyr vokslys eller kyrkjelys. Kyrkjelysa vart innvigd på denne dagen.

Kyndelsmesse spådde om været og var merkedag for sju veker og våren. Så djup som snøen er på taka Kyndesmesse, så langt blir graset St. Hans. Kyndelsmesse tørr er jamngodt med ti høylass. Slik været er i dag, skal det bli i sju veker. Dryp det frå nordsida av huset, blir det tidleg vår.

Frå dagsregistret til soknepresten frå gamle dagar kan ein lese at det var basar på Rindal for «Rindals og Trønsdals kvindeforening for hedningmissionen og for Rindals kvindeforening for sømandsmissionen» den 2. februar 1905, og at det «indkom til hedningemissionen kr. 93,80, til sømandsmissionen kr. 48.10.»

Kyndelsmessebasaren i 2020 gav kr. 29.925 til msjonsarbeidet, og på det meste har basaren samla inn kr. 43.000,- (2009)

I år er det ingen gevinstar å vinne, ikkje bakels, graut, kaker eller dessert å kjøpe, for det blir ingen Kyndelsmessebasar.

Kyndelsmessebasaren 2020
Powered by Labrador CMS