ANNONSE: Surnadal kino
Grovkorna og følsamt
Ei var oppvekstskildring innimellom vulgære dokker på Surnadal kino denne veka.
«Millioner av dansker tar ikke feil. Dette er gøy», skriv Adresseavisen om fjorårets best besøkte film i nabolandet. RUTETE NINJA 3 (aldersgrense 12 år) er den siste animasjonsfilmen i denne serien. Og om du ikkje har sett dei før: det uskuldige førsteinntrykket kan lure ein, for dette er relativt grovkorna – eller som NRK skriv: «Dette er politisk ukorrekt humor på kanten, med upassande onklar og fargerikt språk.»
Ein som har eit vel fargerikt språk, og som skulle vaska munnen sin langt oftare, er president Donald. Da regissør Rob Reiner og kona Michelle vart brutalt drepne før jul, gjekk det knapt timar før han var ute og tasta at Reiner hadde sjølv skuld i ugjerninga av di han hadde kritisert Trump. Rob Reiner hadde ei lang rekke med filmar på åtti- og nittitalet som har stått seg godt i ettertid, som t.d. «Da han møtte henne», med ei orgastisk kafé-scene, «Et spørsmål om ære» (Cruise og Nicholson) og Stephen King-grøssaren «Misery». Filmklubben vil onsdag 14. januar kl. 12 vise ein heilt anna Stephen King-filmatisering av Reiner: STAND BY ME er ei skrekk-fri, følsam og tidvis artig oppvekstskildring med handling lagt til 1959. Filmen har fått ein skår på høge 8,1/10 på imdb.com.
Elles vil FLÅKLYPA framleis gå, medan den siste AVATAR-filmen truleg vil flakse bort frå kinolerretet for siste gong på torsdag. Men fatt mot: det kjem ein ny film i serien om knappe fire år …
Meir om filmane, tider m.m.: https://surnadal-kulturhus.no