ANNONSE:

Familiedag i Stangvik

Stangvik Grendalag inviterer til stor familiedag laurdag 11. september. Programmet rommar mykje, frå hest via kunst til indianarkultur.

Program for arrangementet

Arrangementet har tittelen Bondehusdagen, og er ein del av 100-årsfeiringa for det praktfulle grendahuset i Stangvika. Dagen startar med opning av kunstutstilling i Galleri Bondehuset. Utstillarane denne gonger er Coby Omvlee og Mira Dyrnes Askelund. Her kan også ungane få utfalde kreativiteten sin.

Bondehuset vart i si tid reist av Stangvik Bondelag og finansiert med gullpengar frå Klondike. Derfor er det berre naturleg at Bondehusdagen har eit innslag av opprinneleg amerikansk kultur. Sigbjørn Børset er ein flott formidlar av historia og kulturen til indianarane, og ved den store tipien hans kan ungane lære å laga fjørpryd.

Dyr er alltid populært blant dei yngste. Her har Bondehusdagen mykje å by på. Det blir runderiding i Stall Lerbrua, og Stall Åsbø stiller med hest og vogn. Lia gard kjem med geiter og kaninar, og sjølvsagt godsaker frå bakeriet sitt.

På familedagen i Stangvik kan du kjøpe mat, kjøre eller ri hest, klappe geiter og kaninar - med meir.

I tillegg blir det ei rekkje aktivitetar og utstillarar. Blant andre kjem treskjeraren Steinar Solem, Bians honning har med søte smakar og Stangvik Boligutvikling fortel om tilboda i bygda.

Steinar Solem kjem med trekunsten sin.
Sigbjørn Børset kjem med tipi og viser fram indianarkulturen.

Rundt og inne i Bondehuset blir det matsal og diverse utstillingar. Heile dagen blir det selt lodd til inntekt for vedlikehald av Bondehuset, og dagen blir avslutta med trekking.

Det er gratis inngang på arrangementet, mens enkelte av aktivitetane kostar litt

Mira Dyrnes Askelund og Coby Omvlee stiller ut i Galleri Bondehuset
Powered by Labrador CMS