Bøfjorden:

Hobbymesse og tangomusikk
Søndag har museet i Bøfjorden sin årlege hobby- og aktivitetsdag. Salgsutstilling av målarkunst og handarbeid forutan barneleikar, hobbysamlingar og musikk med Hjemmelaget står på programmet.
Edvard Otnes stiller ut eigne måleri. Gunnvor Bøe og fleire har strikka-lestar, vottar og andre julegåveidear på bordet. Og: Arrangøren inviterer alle med hobbyhandverk eller samlingar til å delta på messa!


Heimelaga bakverk kan dukke opp - kanskje med dei yngste? Uansett har Torbjørg og Inger Lise på kjøkenet «hengt-på kjelen».

Sesongutlodninga går inn i siste fase - med stadig nye gevinstar til trekninga neste helg - på «balldagen» 14. september.
Ludo, yatzy og tegnesaker ligg framme. Ute kan små og store kaste skotthyll, vippe jeppe, skyte med «hardbust» og gjenskape andre gamle barneleikar, viss veret er bra.

Peder Hønsvik og «Hjemmelaget» lovar konsertinnslag utover ettermiddagen. Dette er ei swingande tango-gruppe som elles har masse slagerstoff på strenger og tangentar.
Hobbydagen er kvart år eit fellesprosjekt. Arrangør Bøfjorden Historielag oppfordrar alle til å kome med sine samlingar og produkt!
Og uansett er kvar og ein velkomen som publikum, kaffegjest - og frivillig kunde!
ANNONSE:
