Bøfjorden Historielag:

To personer står i en rustikk bar med treinteriør, med en sittende mann i bakgrunnen.
Tremenningane Mari Ann Bævre og Egil Kallset – begge med sans for språk og humor - treftest for første gong. Besteforeldra Aslaug og Gunnar var frå Kalset.

Pub med lokalkultur

Alle treng ein stad å treffast – med noko felles å samlast om. Sjøbruksmuseet i Bøfjorden er ein slik stad.

Publisert

Søndagspraten med kaffe på borda er som «puben». Her er stamgjestar og tilreisande. Gamle kjenningar treffest, og ein får nye. Mange kjem av interesse for søndagens tema – som varierer frå gong til gong og tek opp levd liv på alle plan. Breidda er like stor som lokalkulturen.

En mann sitter ved et bord omgitt av vintage skilt, logoer og motordeler i et utstillingsrom.
Ivar J. Settemsdal med outboard-reklame til museet. Han har også skaffa «kleppfisk-flaken» ved inngangstrappa.
Kaffekanner, pappkopper og fat med bakverk på et dekket buffetbord.
Kaffegodt mangla sjølsagt ikkje.

Munter norsktime

Sist søndag stod heimspråkets finesser på plakaten – ispedd mykje rart frå nasjonale og lokale media. Her snublar subjekt og objekt over kvarandre, her florerer kommafeil og orddeling på villspor. Dei mange frammøtte humra godt over sitat som «Lutefisk biter skrei», «Bil kolliderte med hest – måtte avlives» og «Huset ligger i et lite trivelig boligfelt». Ein munter norsktime.

Strømmen 75 år

Sort-hvitt portrett av en mann i dress, skjorte og slips foran nøytral bakgrunn.
Lyriske og vittige vers av Gunnar Moen vart framført – med «Lysprologen» som jubileumsinnslag.

Siste bolk viste lokalskribenten Gunnar Moen (1915-1954). Den muntre og treffande «Lysprologen» om dugnaden som skaffa elektrisk strøm i Åsskard i 1951, var blant dagens høgdepunkt og markerte 75-årsjubileum for eit revolusjonerande framskritt i lokalsamfunnet.

Nokre få liner gir inntrykk:

Og så ein kveld e det undret henda,
det så vi håpa, men ikkje trudd:
At ljøset renne på koparstrengja
når hovedbrytaren e oversnudd.

Og hønån blenka og spekulere
om det e natta hell ljøse da’n.
Og hanin storgjel og dominere
og ber seg åt så ein polygam.

Og der eit kvinnfolk med oljeløkt
så sakte stikla seg fram åt fjøsa,
der går no trafikkjen kjøle trøgt
i flombelysning tå utlampljøsa.

Quiz

At folk i salen var dundrande ueinig med VG-skribenten Sanna Sarromaa i at «Dialekt er djevelens verk», slo dei ettertrykkeleg fast da dei kasta seg over bordkonkurransen med vårt suverene heimspråk.

Tilvekst

Museet får elles stadig ny tilvekst til samlingane. Denne dagen retta historielaget takk til Frode Bjerkestrand for ein bøfjordsk motorbåt (bygd i 1934), som han har gjeve bygda. Like eins til Ivar J. Settemsdal, som for mange år sia skjenkte museet «toppflaken» som prydar inngangspartiet, og som denne søndagen berika pub-museet med kultuhistorie i form av reklameskilt for klassiske påhengsmotorar.

Undervisningsplakat på tavle med tre bilder av beholdere og tekst om etymologien til «grjot», «gryte» og «graut».
Litt etymologi frå biletkåseriet. Ord kan henge saman på ymse vis.
Håndskrevet plakat med norsk tekst om busstilbud, påmeldingsfrist og mangel på toalett.
Tvetydige annonsar som desse fekk fram mykje latter.
Powered by Labrador CMS