Anna Sæther leia festen på – nettopp - festleg vis. Foto Bernt Bøe

Grunnlovsfest på bedehuset

Med Bibelen, grunnlova og songskatten som underlag feira Eidet Bedehus ei festleg avrunding av årets 17. mai.

Publisert

Ei strålande opplagt Anna Sæther leia det allsidige og inspirerte programmet. Her gjekk djupe refleksjonar og vårleg humor hand i hand. Skiftande naturfoto på lerretet sette våren og grunnlovsdagens løfterike innhald i fint perspektiv.

Jubel og takkesong

Både innleiar Mary-Ann Foldnes Fiske og andaktshaldar Einy Elgsæther tok (uvitande om kvarandre) fram Bibelsalme 100 som motto for kvelden – der salmisten oppfordrar oss til jubel og takkesong. Dette utdjupa dei personleg på kvar sin måte. Mary-Ann minte oss også om kva sterke menneskerettar vi fekk med grunnlova i 1814 – lenge før dei fleste andre land.

I tråd med mottoet serverte songsolist Svein Volle ein bukett av våre vakraste songar – med takk for vår og vokster, fred og fedreland. Og han lira ikkje av seg ord og tonar, om vi kjente dei frå før. Nei – med stor kunnskap fortalte han om diktarane sine intensjonar. Slik fekk «Den kvite symra», «Norge, mitt Norge», «Såg du mitt land» og «Ved Rondane» dimensjonar ut over det reint musikalske.

Svein Volle formidla utrykksfullt både «Den kvite symra» (illustrert her) og andre fedrelandsperler.

Kva er fred?

Med tanke på 80-årsfeiringa for frigjeringa etter krigen (1945) gav Einy mange ei lita aha-oppleving: Ho var vel 4 år den gongen da mora sa «No er det fred». Fred? Det var eit framandt ord for 4-åringen – som berre hadde levd i eit krigsokkupert land.

Einy Elgsæther heldt kveldens andakt.

«Nasjon» og «nordmenn»

Sverre Hatle si avdeling med diktlesing vart langt meir enn deklamasjon av gode tekster. Med djup refleksjon peika han på mykje vi ofte overser eller forenklar:

- Ordet «nasjon» betyr ikkje «land» - men «fødsel». Og vi kan ikkje ta for gitt at alle i landet er «nordmenn» - sjøl om dei og slekta er fødde og oppvaksne her.

Sverre Hatle kom med djupe og delvis nye tankar i si avdeling med diktlesing.

Utanom klassiske dikt deklamerte Sverre også vers han og kona Randi Skrøvset Hatle hadde skrive. Alt både vakkert og tankevekkande.

Quiz, allsong – og mykje godt på bordet

Med ein artig quiz-konkurranse aktiviserte programleiar Anna heile forsamlinga. Og allsongane ho hadde henta fram og viste på lerret, tona varmt og sterkt.

Inga bedehusfest utan servering, har vi lært. Det slo ikkje feil denne festlege 17. mai-kvelden heller!

Powered by Labrador CMS