Hyldbakk-saka i VG og NRK
23. september i år gjekk ordførar Hugo Pedersen ut i lokale media og informerte om at Surnadal kommune hadde oppretta ein lokal kontakttelefon for personar som har vore utsett for seksuelle overgrep. Bakgrunnen for dette var at fleire personar hadde meldt frå til ordføraren om at dei har vore utsett for seksuelle overgrep då dei var mindreårige. Personen som er skal ha utført desse overgrepa var ikkje navngjeve på dette tidspunket, men det gjekk fram av kunngjeringa at vedkomande hadde hatt ei viktig rolle i bygda som diktar og kulturformidlar, og at han var død for mange år sidan, og derfor ikkje kunne forsvare seg mot alvorlege skuldingar eller straffeforfølgjast. Personen vart seinare identifisert, av fleire media, som Hans Hyldbakk.
I tida som har gått etter dette har saka nådd landsdekkande media, og fleire har stilt opp til intervju anonymt, både i lokale og nasjonale media, og hevda at dei har vore utsett for overgrep av Hans Hyldbakk da dei var mindreårige.
Dette er nokre av sakene som har vore publisert i nasjonale media:
Mot slutten av november kom VG med artikkelen Vårsøgbygdas hemmelighet (abonnementsartikkel). VG-kommentator Astrid Meland, som bur i Surnadal, skreiv ein kommentar om Dobbeltmoralen på bygda (open å lese) 23. november.
27. november publiserte NRK ein artikkelen om saka, der dei har snakka med fleire surnadalingar: Må statuen ned no?
10. desember kom ein ny artikkel, der NRK mellom anna har intervjua to anonyme personar om saka: Løpegut for Vårsøg-diktaren