Mo skulekorps med dirigent Nora Sissel Gulbrandsen Holten Foto: Synnøve Aukan Meisingset

Deilig er jorden

Mo sokneråd arrangerte måndag ettermiddag korpskonsert med allsang ved Mo kyrkje. - Både lysmessa og julegudstenesta er avlyst i år, så det er gøitt å møtes og synge og spele i lag, seier Erik L. Moen.

Publisert

- I fjor var det tre frå korpset som kom og spelte, i år kom alle mann, til og med hjelpekorpset, som vi kallar dei, fortel Erik.

Det var Tove Mogstad som kom på ideen i fjor, da koronasituasjonen avlyste dei fleste arrangement. At vi skulle få dei same tilstandane i år, var det vel ikkje alle som trudde.

- Eg høyrde i radioen ein kveld at vi har noko som heiter Vagus-nerve, fortel Tove. Den kobler i hop kropp og sjel og styrer stress og kav. Noko som kan førekome i desse dagar, men denne nerven kan trenast. To ting som vart nemnt var å synge i lag, og ein annan isbading. Dei som kom og song ved Mokyrkja har no trena vagusen sin til jul, så får de andre eventuelt ta den andre metoden, seier Tove og ler.

Foto: Synnøve Aukan Meisingset

Opphald og varmegrader gjorde at musikantane fekk spele utan å risikere sprengte ventilar eller fryse av seg fingrane.

Korpset spelte julesangar, blant anna «Tre nøtter til Askepott». Til slutt spela dei «Deilig er jorden».

- Det er triveleg at bygda kan møtes slik før jul, seier Erik. Så fekk vi ønska kvarandre god jul.

Foto: Gunnhild Meisingset
Powered by Labrador CMS