Senterpartiet Møre og Romsdal

Odd Helge Gangstad
Odd Helge Gangstad

Ny fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterparti

Valkomiteen innstiller Odd Helge Gangstad frå Molde Senterparti som ny fylkesleiar. Han vil ta over etter Marit Nerås Krogsæter som har takka nei til gjenvalg. Dette melder Møre og Romsdal Senterparti i ei pressemelding. 

Odd Helge har lang fartstid i partiet men og i fleire andre organisasjonar, til dømes styremedlem i Tine Midt-Norge og Noregs Bondelag. I arbeidslivet har han vore industriarbeidar på Midsund Bruk, fiskar i Alaska og Argentina, visepresident i Norway Seafoods og bonde i samdrift på heimgarden på Midsund.

Han har vore kommunestyrerepresentant og seinare ordførar i Midsund for Senterpartiet, den første SP-ordføraren sida 80-talet. Etter kommunereforma blei han varaordførar i Molde. Gangstad er i dag 1.nestleiar i Møre og Romsdal Senterparti og kommunestyrerepresentant for Molde Senterparti.

 

Vidare ser innstillinga frå valkomiteen slik ut:

Odd Helge Gangstad - Molde - Leiar

Per Ivar Lied - Ørsta -  1.  nestleiar           OPPRYKK FRÅ 2.NESTLEIAR

Lisa Alvestad - Haram -  2. nestleiar       NY

Terese Jemtegård Moen -  Fjord -  Studieleiar       NY

Dordi B. Lerum -  Tingvoll -  Styremedlem             NY

Jorunn Karin Kvernen -  Kristiansund - Styremedlem

Trond Malmedal  - Hustadvika -  Styremedlem

Valet skjer på fylkesårsmøte 2.-3. mars på Scandic Parken i Ålesund.

Powered by Labrador CMS