Midt-norsk meisterskap i taekwon do

Godt samhold og gode resultat.

Flott innsats av klubben

To gull i sparring

Publisert Sist oppdatert

5. mars var årets andre midt-norske meisterskap i taekwon do arrangert i Rosenborghallen. Surnadalsklubben stilte med fire deltakarar, to coachar og ein dommar.

Søstrene Mari og Jorun Fiske har begge svart belte, 2. dan og lang fartstid i sporten. Dei har drive med tkd sidan dei var ti år. Det er mange ulike roller som skal fyllast i tkd, og coachane har ei viktig rolle under konkurransar. Dei er med som støtte for utøvarane og står på sidelina ved ringen, gjev råd og passar på at utøvarene har det dei treng og kjenner seg trygg.

Veslesøster Heidi Fiske har og drive med tkd lenge, og ho har denne helga vore på dommarkurs i Trondheim, og dømde sine første konkurransar under midt-norsk meisterskap. Å gå dommarkurs er ein del av utdanninga/graderingssystemet, og eit steg på vegen mot å gradere seg til 2. dan.

Jorun, Heidi og Mari er mesta for veteranar å rekne i klubben, og har denne gongen roller som coachar og dommar.

To gutar og to jenter reiste oppover i dag. Joel Sveberg (grønt belte) fekk blod på tann etter gode resultat da han debuterte førre meisterskap, og vann sin klasse i sparring i dag. Ulrik Akrim (raudt belte) har eit par meisterskap meir på baken, men mangla gull frå midt-norsk, og det ordna seg i sparring i dag.

God stemning i hallen. Joel får pep-talk med coach Journ før kamp.
Ulrik vann kamapane sine med god margin.
Simone får hjelp av coach Mari før sparringskampen.

Simone Akrim (raudt belte) deltok for første gong i sparring. Ho leia bronsefinalen til det var att ti sekund, men da glapp det dessverre. Nathalie Nordlund (gult belte) har ikkje trena tkd så lenge, men gjorde det veldig bra førre meisterskap. Denne gongen vart dessverre klassen hennar avlyst, så ho fekk ikkje konkurrert.

Natalie fekk dessverre ikkje konkurrere i dag, men stilte som sparringspartner i oppvarminga for Ulrik. Nyttig samarbeid.

Vi gratulerer heile gjengen med super innsats.

Powered by Labrador CMS