Una Langeland Gravvold
Una Langeland Gravvold

Vann første runde i internasjonal Taekwon-do-turnering

Una Langeland Gravvold frå Surnadal NTN Taekwon-do klubb vann første runde i ei stor Taekwon-do-turnering, der folk frå heile verda er med.

Publisert Sist oppdatert

På grunn av corona har alt av konkurranser i itf Taekwon-do vorte avlyst. Men eit forsøk med e-turnering styrt frå Tyskland i vår vart suksess. Una Langeland Gravvold frå Surnadal NTN Taekwon-do klubb tok likegodt sølvmedalje.

No er ei ny stor turnering i gang der folk frå heile verda er med. I klassen til Una er det rundt 40 deltakarar, og Una vann første runde mot ein deltakar frå Belgia. No står ei frå Ukraina for tur.

Det er disiplinene mønster og tradisjonell sparring det blir konkurrert i. Deltakarane får ein kode, så har dei kort tid på seg til å sende inn film. Denne blir så bedømt av internasjonale dommarar.

I tradisjonell sparring er det to som jobber saman og utfører ulike teknikkar mot kvarandre. Her har Una med seg ein sambygding frå Bøfjorden, Aurora Dønheim Berle.

Både Una og Aurora er aktive damer som både trener og underviser. Neste veke skal det startast nytt barneparti, og det skal Aurora vera instruktør for. Ellers deler dei på eit parti frå før. Una er også aktiv i Ungdomsrådet og har jobba med aktivitet for unge i sommar, så det er få fritidsproblemer.