Surnadal kommune

Tre menn og to kvinner oppstilt for fotografering foran kommunehuset i Surnadal. Grått sommervær.
F.v. Pål Ranes, Magnus Bævre, Hugo Pedersen, Karin Halle og Mona Rita Rønning.

Vil spørje innbyggarane om bustadsbehov

Surnadal kommune vil i haust spørje innbyggarane i kommunen om kva behov, planer eller tankar dei har for eigen bustadsituasjon no og i framtida. Innbyggarane vil også bli spurt om dei er førebudd på alderdommen og eventuelle helseutfordringar.

Publisert

På eit pressemøte tysdag morgon presenterte ordførar Hugo Pedersen, digital ansvarleg i kommunen Pål Ranes, kommunalsjef samfunn Karin Halle, leiar i Eldrerådet Magnus Bævre og leiar i rådet for personar med nedsett funksjonsnedsetting i Surnadal kommune, korleis spørjeundersøkinga vil bli gjennomført. Dei understreka samtidig kor viktig det er at innbyggarane responderer og svarar på undersøkinga, slik at kommunen får eit så breitt kunnskapsgrunnlag som mogleg. Dette er avgjerande for å finne dei rette tiltaka som må prioriterast i framtida, vart det understreka.

Det vart også understreka at sjølv om hovudmålgruppa for undersøkinga er dei over femti år, så er det viktig for kommunen at også personar under femti år deltek, og da spesielt personar med behov for tilrettelagt bustad.

Bakgrunnen for spørjeundersøkinga er dei demografiske forholda i Surnadal kommunen, og det faktum at tal for aldersfordeling fram til 2050 viser at talet på personar over 80 år vil auke frå dagens 400 til 750, og talet på personar over 90 år vil auke frå dagens 60 til 180. I same periode vil yrkesaktive gå ned med rundt 600 personar. 

Surnadal kommune har i dag ein demografi der mange bur i bygdene. Spørjeundersøkinga tek sikte på å finne svar på kva bebuarane tenker om bustadsituasjonen sin litt fram i tid, kva som må til for at ein skal kunne bu heime så lenge som mogleg, kva slags bustadtype og kvar ein ønsker å bu når ein ikkje lenger greier å bu heime. Resultatet frå spørjeundersøkinga vil også bli innarbeidd i kommunen si bustadpolitiske handlingsplana, som er under revidering.

Det planlagde helsehuset vil berre kunne ta imot rundt 15 prosent av den aktuelle gruppa, så det vil i tillegg vere stort behov for andre typar bustadar, og det er dette kommunen håper å få svar på i spørjeundersøkinga, understreka digital ansvarleg i Surnadal kommune, Pål Ranes.

Det er ikkje sett nokon frist for å svare på spørjeundersøkinga, men kommunalsjef samfunn, Karin Halle, håper å få inn ein god del svar innan 19. september. – Kommunen arrangerer fredag 26. september eit bustadmøte, som er ope for alle, på Surnadal kulturhuset, og da hadde det vore ei grei anledning for å kunne presentere representative tal frå spørjeundersøkinga, kunne Halle fortelje. 

– Difor håper vi på ein god del svar innan denne datoen, sjølv om ein kan delta i spørjeundersøkinga etter denne datoen også, la ho til.

Møtet vil bli annonsert seinare. Men det er allereie klart at det vil bli ei orientering om helsehus, nye ROP-bustadar, nye bustadfelt og bustadtypar. Husbanken vil også kome for å orientere om støtteordningar til ombygging av eksisterande bustadar og nybygg, Men her kjem det altså meir informasjon når datoen for møtet nærmar seg. 

– Vi håper mange kjem og deltek, avsluttar kommunalsjef Halle.

Oppfordringa frå Surnadal kommune er at så mange som mogleg går inn på https://www.surnadal.kommune.no/aktuelt/korleis-vil-du-bu-i-alderdommen-eller-om-helsa-sviktar.17429.aspx og svarar på spørjeundersøkinga, og gjerne så fort som mogleg! 

Powered by Labrador CMS