Annonse
Surnadal kommune melder:
Tilskott til inkludering av barn og unge
Lag og organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar kan søkje om tilskott til aktivitetar som er retta mot barn og unge som av ulike grunnar står i fare for å hamne utanfor.
Målet med ordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal oppleve meistring og samfunnsdeltaking. Tilskottsordninga skal bidra til utviklinga av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp.
Les meir om kva du kan søkjer på her: https://www.bufdir.no/tilskudd/inkludering-av-barn-og-unge/
Søknadsskjema finn du i søknadsportalen til Bufdir: Utlysninger - Insights (bufdir.no)
Søknadsfrist er 3. november.