Surnadal kommune melder:

To personer utenfor Surnadal kommunehus på snødekt vinterdag.
Den nye kommunelegen Arne Opdahl på bli kjent-runde saman med Ann-Elin Stenberg, einingsleiar i Helse og familie.

Arne Opdahl er ny kommuneoverlege i Surnadal

Opdahl har akkurat starta i jobben, melder Surnadal kommune på si heimeside.

– Det blir spennande å tre inn i rollen som kommuneoverlege i kombinasjon med tilsynslege, seier Arne Opdahl. Han var på bli kjent-runde i administrasjonen i dag saman med Ann-Elin Stenberg, einingsleiar i Helse og familie.

I jobben som kommuneoverlege og tilsynslege på sjukeheimen får han bidra med erfaring og kompetanse inn i dei faga han brenn mest for, nemleg samfunnsmedisin og eldreomsorg. Arne har spesialisering i allmennmedisin og samfunnsmedisin. 

– Surnadal har gitt meg eit positivt inntrykk frå tidlegare erfaringar og eg håpar å kunne bidra positivt inn i kommunens arbeid som medisinskfagleg rådgivar, seier Opdahl. 

Vi ønsker Arne Opdahl velkommen som vår nye kommuneoverlege.

Powered by Labrador CMS