Surnadal kommune:

Logoen til Surnadal kommune

Utlegging av manntalet til gjennomsyn

Kommunestyret og fylkestingsvalet 2023

Står du i manntalet?

For å kunne stemme ved haustens kommunestyre og fylkestingsval må du stå i manntalet. Manntalet blir utlagt til allment ettersyn slik at du kan sjekke om namnet ditt står der. Manntalet for Surnadal kommune blir lagt ut til allment ettersyn frå fredag 14. juli og fram til og med valdagen den 11. september 2023 på desse stadane:

Surnadal kommunehus – servicetorget

Surnadal kulturhus – biblioteket.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du sende skriftleg klage eller søkje om å bli innført i manntalet. Send klagen/søknaden til Surnadal valstyre, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal. Klagen/søknaden skal vere grunngjeven.

Meir informasjon om valet finn du på kommunen sine heimesider www.surnadal.kommune.no.

Surnadal valstyre

Powered by Labrador CMS