Lovar at noko skal bli gjort i år
– Eg kan ikkje love at vi klarer å løyse alle utfordringane for heile trafikkbildet i løpet av året, men vi skal i alle fall få til litt, lova ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen (SP) tysdag formiddag.
Tysdag morgon var ordføraren kalla inn til eit møte med elevrådet ved Surnadal videregåande skule og rektor Hilde Andersen, der trafikksituasjon på Øye skuleområde sto på agendaen.
Mange «nestenulykker»
Trafikksituasjonen på Øye har l mange år hatt store utfordringar, og det har opp gjennom åra vore mange «nestenulykker», og da spesielt i samband med skulestart på morgonen.
– Øye er som eit eige samfunn, med barnehagar, barne- og ungdomsskule og vidaregåande skule, sa Pedersen under møtet.
– Dette skaper sjølvsagt mange trafikkale utfordringar når så mange skal starte på same tid, la han til.
Det vart frå skuleleiinga understreka at det langt ifrå er elevane som er dei verste «trafikksyndarane» under køyring på skuleområdet. Her er det nok like store trafikkale utfordringar med foreldre og besteforeldre som køyrer barn og barnebarn til skular og barnehagar.
– Det er med hjertet i halsen vi ser på trafikksituasjonen hver dag, så vi håper noko snart blir gjort, slik at vi unngår ulykker, sa rektor Hilde Andersen ved Surnadal videregåande skole.
Elevrådet ved Surnadal videregåande og rektor Andersen har saman med ordføraren no løfta saka opp i Skoleutvalet, i håp om at tiltak skal gjennomførast for å betre trefikksikkerheita på området.
– Dette er noko vi har diskutert i fleire år, men eg innser at det ikkje mykje som har skjedd så langt, sa Pedersen.
– Men eg lovar at i alle fall noko skal skje i år, la han til.
Pedersen har sjølv vore vitne til ei «nestenulykke» på området.
Farleg kryss
Det er spesielt eitt kryss der ungane kryssar med livet som innsats. Det er i krysset der dei kjem ned frå boligfeltet via Øye barnehage og skal krysse vegen med trafikk frå fire kantar.
Her er det også trafikk av større køyretøy som skal levere varer, noko som gjer trafikkbiletet enda meir utfordrande.
Her er det heller ikkje merka at det kan kome gåande, og det er ikkje fotgjengarovergang. Mange bilistar brukar heller ikkje blinklys, noko som kan skape farlege situasjonar ved kryssing.
– Jeg har selv gått den vegen til barne- og ungdomsskolen, og jeg har vært redd der mange ganger, seier Haakon Segtnan i elevrådet.
– Det må skjerpings til. Farten må ned og folk må lære seg trafikkreglene og bruke blinklys, seier ordførar Pedersen.
Alle må skjerpe seg
Elevrådsleiar Joel Sveberg seier skuleleiinga har gitt elevane pålegg om at de skal parkere på bestemte områder. Dette meiner han dei følger, men det er en hake.
– Mine medelever parkerer der de skal, men de bruker ikke gangfeltet over til gangstien opp til skolen, sa Sveberg.
– De går langs vegen, og ofte flere i bredden. Det er ikke bra, la han til.
– Eg skal vere ein pådrivar for at vi får gjort noko i år, lova ordførar Hugo Pedersen til slutt!