ANNONSE:

Julegrantenning på Skei

Søndag 27.11 blir det julegrantenning ved kulturhuset, samt juleverkstad på frivilligsentralen før lysa blir tent og eit lite "kaffelag" i etterkant.

Her er programmet:

Frå kl. 14 (og fram mot julegrantenninga) inviterer biblioteket og frivilligsentralen til juleverkstad for barn i alle aldrar på frivilligsentralen.

Kl. 17 blir det julegrantenning ved kulturhuset med Surnadal Hornmusikk. Og kanskje kjem det også nokre nissar innom? Etter julegrantenninga kan ein gå ned igjen til frivilligsentralen og varme seg på gløgg og kaffe.

Velkomen!

Powered by Labrador CMS