To damer står i en liten bygning som er malt i ulike farger.
Årets og fjorårets leiar i FAU Surnadal barne- og ungdomsskule 1.-7. trinn, Brit Roaldset og Eli Vullum Kvande, i det gamle leikehuset fra Øye skule som blei oppfriska med mange flotte fargar under fjorårets dugnad.

Inviterer til dugnad for og med hjartet av bygda

Etter samanslåinga av Øye skule og Surnadal ungdomsskule, har det vore ønskje om oppgradering av uteområdet for småskulen og mellomtrinnet. Trong økonomi har gjort det utfordrande. FAU for 1.-7. trinn har sett på saka, og er optimistiske. Fjorårets erfaring med sterk dugnadsånd saman med lokalt spleiselag gir håp om eit verdiløft for millionar. No inviterer dei alle som ønskjer å bidra til eit meir naturprega uteområde til glede for både innbyggjarar og besøkjande.

Publisert

Då SUBUS stod ferdig, bestod mykje av uteområdet av asfalt og det var få leikeapparat fordelt på mange elevar. Økonomien i kommunen gjer at det er i utgangspunktet ikkje er mykje pengar å bruke til prosjektet, men behovet er like stort.

–Borna går på skulen no, seier Brit Roaldset alvorleg.

Ser på nye moglegheiter

Roaldset er leiar i FAU Surnadal barne- og ungdomsskule 1-7. trinn, og sit i arbeidsgruppa for nytt skuleområde saman med Eli Vullum Kvande som var leiar i FAU 1.-7. trinn 2023/2024, og Kjetil Halle som blei nyinnvalgt i arbeidsgruppa i fjor. Desse tre har ein driv i prosessen med hjelp av dei fire andre som sit i styret i FAU 1.-7. trinn, kor det er ein representant frå kvart trinn.

Ho fortel at arbeidsgruppa det siste halvanna året har arbeidd med å utarbeide ein gjennomførbar plan for å forbetre uteområdet for småskulen og mellomtrinnet på skulen. Dei har gjennomført dugnader, og har fått erfart at dugnadskulturen på Øye blomstrar. Dei er imponert og svært takksam for engasjementet for skuleområdet, og har stor tru på at lokalsamfunnet med støtte og arbeidskraft er vegen å gå.

–Dette er egentlig eit kommunalt ansvar. Vi veit at kommunen har gjort sett beste med dei midlane dei hadde, og vi er klare for å gjere ein forskjell gjennom dugnad og samarbeid med lokale ressursar. 

Dei har starta prosessen mot målet, og er optimistiske på tanken om å få realisert oppgraderinga trass dårleg kommuneøkonomi. Og dei har allereie fleire med på laget både innan støtte av ulike slag og arbeidskraft.

–Det eineste som gjenstår no er å sikre finansieringa før prosjektet kan starte, smiler ho.

To damer står foran en skuleplass med mye asfalt.
Optimistiske damer med ønskje om å få bort mest mogleg av asfalten, og få eit meir naturleg preg.

Må stå saman

Arbeidet skal gjennomførast delvis på dugnad. I desse tider, med så trong økonomi som no, er det viktigare enn på lenge å kjenne at vi er sterkare saman. 

Damene kan fortelje at dei starta å arrangere dugnad for 1.-7. trinn i fjor vår. Det viste seg å bli suksess med meget godt oppmøte, høg trivselfaktor, nye bekjentskap, fint samarbeid og eit meget stort engasjement.

Dugnad er ein fin måte å bli kjent med andre foreldre på.

–Det var artig, og det strømma på med folk, smiler Roaldset og Kvande, og er tydeleg takksam.

Det blei ei utfordring å sysselsette alle, og det blei rydda og fiksa langt meir enn dei turde håpe på. Det blei ein utruleg bra start.

I år har dei hatt ein dugnad før 17. mai. Då prioriterte dei berre førstetrinnet for å introdusere dei nye for kvarandre. Dette for å gje dei moglegheit til å bli kjent med foreldre til elevar på same trinn.

–Det er ein kjempefordel, smiler Kvande.

Dei er imponerte over at så mange får anledning til å stille opp.

Roaldset poengterer at dei har forståelse for at ikke alle har anledning til det, og meiner ein ikkje skal ha dårleg samvit om det ikkje passar.

–Det er veldig bra dei gongane du får til å møte opp. Alle som møter opp er jo kjempebra.

–Det fine med dugnad er at dei fleste føler ikkje dei gjer så mykje, men tilsaman over to-tre timar så får ein gjort så utruleg mykje. Man skal ikkje slite seg ut på dugnad, det skal vere triveleg. Og det var både triveleg og godt oppmøte på begge dugnadane vi har hatt tidlegare, smiler dei.

I tillegg var begge svært imponerte over alt som blei gjort:

–Når så mange gjer ein innsats samtidig så blir det gjort mykje på kort tid, smilar dei.

Tryggleik og utvikling

Arbeidsgruppa ønskjer å skape ein trygg og morsom stad for leik og læring. Dei ønskjer å få lage eit meir naturleg miljø, som inneheld både balanse-, klatre- og benkområde. Og området vil gje rom for å dele opp i ulike soner som gjer det lettare for borna å utvikle sin kreativitet i natur som forandrar seg gjennom årstidene.

Roaldset forklarer at prosjektet er utvikla i samarbeid med Løvetanna Landskap AS som har laga ein heilheitleg plan med fokus på pedagogiske hensyn, universell utforming og bærekraftige materialval.

Oppgraderinga vil få ein meir triveleg atmosfære, og målet er å skape eit uteområde som stimulerer til meir fysisk aktivitet, kreativitet og sosialt samspel.

–Vi ønskjer å skape sosiale soner og samlingsplassar som kan brukast både i og etter skuletid, smiler Roaldset og Kvande.

Bygninger og påteikna leikeområde
Her er eit døme på korleis dei ser for seg at det ferdige retultatet kan bli.

Spleiselag

Arbeidsgruppa har godt samarbeid med fleire på ulike måtar, blant anna lokale entreprenører om grunnarbeid. 

Dei har diskutert teikningar med linja Byggfag ved Surnadal vidaregåande skule som skal bygge ballvegg. Den er planlagt ferdig i løpet av oktober. Dei vil óg hjelpe med støyping av fundament til klatre- og balanseapparata. Og ungdomsskolen er engasjert i bygging av bord og benker.

Dei har allereie fått 180.000 kroner frå Surnadal kommune til oppstart. Gruppa har ikkje fått svar på alle søknadane dei har sendt med spørsmål om å få midlar til prosjektet, men dei har allereie fått til et kjempebra samarbeid med Talgø MøreTre AS. 

Alle aktørar dei har vore i kontakt med er positive til prosjektet, noko som viser at dei har brei støtte i lokalsamfunnet. Og midlar har starta å kome inn.

–Det er noko som kjem veldig mange til gode, så vi håper at vi får finansiering på det, seier Kvande.

Om dei får på plass tilstrekkeleg med midlar, er plana å engasjere ein entreprenør for graving, landskapsendring, og oppføring av forhøyede kanter i løpet av sommaren 2025.

Utanfor skuletid er det ope for alle. 

–Det er ikkje berre eit skuleområde, det er noko som skal vere ope døgnet rundt. Om vi får midlar på 500.000 kroner, får vi oppgradert uteområdet for ein verdi av millionar, smiler Roaldset.

Tegninger av ballvegger foran og bak.
Dei prioriterer å få på plass ballveggane ved hjelp av MøreTre AS og Byggfag på SVS i løpet av hausten 2025. Her er planer for ballvegg.

Natur

Dei ønskjer å få bort mest mogleg asfalt og få inn meir natur. Det blir sandkassar og sosiale soner kor borna naturleg får dele seg opp i mindre grupper i roligere områder.

–Det blir naturelement som varierer med årstidene med naturlige soner i eit terreng med busker og trær der mange unger kan leike i same område, forklarer Kvande.

Det er planer om å lage sitteområde, og det er behov for beplantning.

–Har vi fått på plass nokre buskar i år, hadde det vore fint. Neste vår blir det planting av trær, smiler dei.

–Vi har tenkt å teke opp fra hager og der folk vil sponse med or, rogn og andre typar trær som er allergivennlige. Om nokon har trær som byrjar å ta for stor plass, men enno er flyttbare, så gje gjerne beskjed.

Mange alternativ

Roaldset og Kvande er glade for alt som dei allereie tykkjer er heilt topp rundt skuleområdet. Her er det mykje å velje i for bygdas innbyggarar og andre som besøkjer Øye-området.

–Eg tykkjer diskgolfparken er kjempeflott, likeså ishockeybanen, den oppgraderte idrettshallen og friidrettstadionen, smiler Roaldset.

På Øye stadion er det kunstgrasbane som utover fotball blir bruka under sommarleir for Taekwon-Do. Ovanfor stadion er det sandvolleyballbane. Moglegheitene er mange, og blir dei nye planane til arbeidsgruppa realisert, får skuleområdet enno meir å by på.

Dei presiserer at Øye-området ikke er berre for skulen, men for alle i heile lokalsamfunnet, heile kommunen, nabokommunane og andre besøkande.

–Folk kan stoppe på og ta seg ein pause her å sjå kor fint det er her. Vi får lov å presentere Surnadal. Dette er noko vil skal bli stolte over, smiler dei.

Uteområde med blant annet asfalt, sand, sykkelbane og bygninger.
Meir grøntareal med buskar og trær.

Engasjerer lokalsamfunnet

Arbeidsgruppa kjem herved med ei oppmoding til alle som ønskjer å ta del for å nå målet om å realisere dette prosjektet. Alle monner drar. Dei tek imot buskar og trær, og har du ønskje om å bidra med kunnskap og/eller arbeidskraft er einaste kravet god dugnadsånd.

Innbydarane fortel at det har vore særs triveleg på dei to dugnadene dei alt har hatt, og lover at det blir pauser med mat og drikke.

Dugnad er ein fin måte å bli kjent med andre på og det skapar samhald.

–Dette er sentrums lokalsamfunn, smiler Roaldset.

–Vi ønsker å etablere dugnadsånd og eigarskap. Dette er noko vi får til ilag. Det er sosialt, og borna får vere med på denne dugnaden. Borna kan leike eller vere med å delta, og dei får sjå foreldra bidra til å betre skulekvardagen deira, smiler Kvande, og fortset:

–Det er ein viktig dugnad å delta på. Det er særs fint når born og vaksne deltek på det same og skapar noko saman. Det kan skape gode minner å delta på dugnad. 

Tegninger.
Her vises tverrsnittet av området mellom Solbakken barnehage og sykkelbanen.

Inviterer ALLE

Tidsrommet for dugnadsarbeid er ettermiddag og helg når skule og SFO er stengt. 

Ut frå erfaringane dei har, blir det truleg arrangert dugnadar meir trinnvis framover.

–Det å ha ein møteplass for foreldra der vi gjer noko positivt for borna våre, det er jo kjekt, seier Kvande, og er snar til å leggje til:

–Det er kanskje mange som kjenner no på at det her kunne dei vore med å bidra på sjølv om dei ikkje har born her. Kanskje man har barnebarn, eller man sit med erfaring som man trur vi kan ha nytte av, så er det ALLE som er velkomne.

–Vi vil engasjere lokalsamfunnet, smiler Roaldset og oppmodar lag og privatpersonar som ønskjer å bidra til dugnad om å ta kontakt.

Arbeidsgruppa set stor pris på all hjelp og støtte.

–Saman kan vi oppnå mykje.

–Dette er ein dugnad for og med hjertet av bygda, smiler Kvande.

Kontaktinfo

Er du interessert i å hjelpe til med din kunnskap og/eller arbeidskraft, eller har anna å bidra med, ta kontakt med Brit Roaldset som er leiar i FAU Surnadal barne- og ungdomsskule 1-7. trinn. Du når henne på e-postadressen britroaldset@hotmail.com og telefonnummer 40 24 36 38.

Annonse:

Plakat om pengestøtte. Det står: Overskrift: vi trenger din støtte. Innhold: Vi vil oppdatere lekeområdet på Surnadal barne- og ungdomsskule.
Vi søker støtte fra lokalsamfunnet og inviterer hele bygda til kronerulling.
Med ditt bidrag kan vi skape en enda bedre skolehverdag for barna våre!
FAU Subus 1.-7. trinn.
Vipps #595918 eller bruk konto 4040.55.70027
Powered by Labrador CMS