Inviterer til 1. maifeiring på Surnadal kulturhus
Surnadal Arbeiderparti og Rødt Surnadal i samarbeid med fagforeiningar inviterer til 1. maifeiring i Surnadal kulturhus. Det blir appell, hornmusikk, tale for dagen, sal av kaffe og kaker og loddsal.
«Trygghet for fremtiden»
Årets hovudparole under 1. maifeiringa er «Trygghet for fremtiden».
– Sjølv om vi har kome langt i dag, så er arbeidslivet akkurat no sett under press i heile Europa, sa Roar Nes (Rødt).
Ung appellant
Mie Aune held årets appell. Ho vil ta for seg korleis det er å vere ung i dagens samfunn og korleis ho ser for seg framtida frå ein ungdom sin ståstad.
Underhaldning kaffe, kaker og loddsal
Tradisjonen tru vil Surnadal Hornmusikk bidra med hornmusikk med avspeling av mellom anna «Internasjonalen».
Peder Vaagland kjem og spelar piano.
Det blir også sal av kaffe og kaker. I samband med arrangementet gjennomfører komiteen førehandssal på sitt store lotteri, eit lotteri der hovudgevinsgten også i år kjem frå Talgø. Det blir høve til å kjøpe lodd under feiringa på kulturhuset.
Hovudtalar frå Fellesforbundet
Leiar i Fellesforbundet Møre og Romsdal og medlem i forbundsstyret, Cecilie Søllesvik frå Angvik, er årets hovudtalar.
Russeknute til russen
Nytt av året, er at alle som er russ i år, og møter opp og deltek på 1. maifeiringa, får ein russeknute i russehuva si.
Arrangementskomiteen ønsker alle velkommen til 1. maifeiring på kulturhuset!