FRAM Møre og Romsdal:
Nyttårstipset: Sjekk rutetidene, så du ikkje kjem for seint
Nytt år betyr nye rutetider. Sjekk dei som gjeld for deg for å unngå leie overraskingar.
Nytt år betyr ofte nye rutetider. Nokre avgangar går litt tidlegare eller litt seinare enn før, og då er det fort gjort å møte opp til «gamal tid». Ein kjapp sjekk i reiseplanleggaren kan spare deg for både stress og bomtur.
Tre tips før du reiser
- Søk opp avgangen på nytt. Dette gjeld både om du reiser sjeldan, eller har faste vanar.
- Sjekk rutetida for den dagen du reiser. Rutetider kan variere mellom kvardag, helg og feriar.
- Ver ute i god tid, spesielt ved knutepunkt og ved byte.
For oppdatert ruteinformasjon, bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen.