Fakkeltog og nyttårsfeiring på Øyskog/Brandsnes
No får Sander (2) oppleve same nyttårstradisjonen som mamma
Anette Tørset ville at sonen Sander Sylte skulle få oppleve same tradisjon som ho vaks opp med i Rindal. I år blei det fakkeltog og nyttårsfeiring for små og store på Øyskog og Brandsnesvegen.
Sidan ho var lita har Anette gått i fakkeltog arrangert av Moan vel i Rindal og forbind det med nyttårsfeiring. Etter ho i 2020 flytta til Surnadal, og etter Sander blei født, ønskte ho at han òg skulle få oppleve den koselege og sosiale nyttårstradisjonen med tog og rakettoppskyting.
Prosessen med å få til dette starta med at Anette kontakta tanta til Sander, Sunniva Sørvik Grimsmo, som er vokst opp på Øyskog, og spurte om dei ikkje skulle gå i fakkeltog i grenda. Sunniva tente på denne ideen, og oppretta straks ei lokal Facebook-gruppe for dei som bur i grenda på Øyskog/Brandsnes.
Nyttårsaften, søndag kveld kl. 18.00 blei fakkeltoget ein realitet og arrangementet blei ein stor suksess.
Familien som består av Sander Sylte, Anette Tørset og Per Ivar Sylte kjørte dit frå Oppigard, Sylte. Ein anna familie frå eit nabosmåbruk blei òg med. Bestefar Svein Sylte og mormor og morfar frå Rindal, Ann Kristin og John Egil Tørset, stilte òg opp.
Mange store og små møtte opp, og dei satsar på at dette blir ein tradisjon. Neste år håpar dei på at dei får samla enda fleire folk frå "Sylte-grendene".