Strikkar huver til kreftsjuke på St.Olavs Hospital

Edel Skralthaug strikka i dag også, men dette er ein hatt.

- E slutta å tæl når e passert 350

For nokre år sidan vart bror til Edel Skralthaug kreftsjuk. Det var på januar, og etter kvart som håret forsvann, skjøna Edel at han trong huve. Dermed strikka ho huve til han.

Publisert Sist oppdatert
Takk og blomsterhelsing frå St.Olavs Hospital som Edel sjølvsagt plasserte i ein vase med strikkemønster!
Helsinga frå kreftavdelinga

Strikkinga vart terapi i sorgbehandlinga for Edel, så ho heldt fram med strikkinga. Ho sendte første pakken i mars. Ho sendte den eine pakken med huver etter den andre til kreftavdelinga i Trondheim, som gjerne tok imot.

No har ho passert 350 huver!

Fredag kom det flott blomsterhelsing til Edel!

Det har vore mykje garnhandel desse åra, og ho utnyttar alle billegsalga ho kjem over, for det går med ein del garn til denne produksjonen! Ho takkar Marte Helgetun som har donert både garn og oppskrifter fleire gonger.

Edel var glad for tulipanane frå kreftavdelinga

Nedafor ser du ei bildeserie som viser nokre av huvene Edel Skralthaug har strikka til St.Olavs Hospital.

Tre huver Edel har strikka, design Marte Helgetun
Design Marte Helgetun
Powered by Labrador CMS