
Bli med til Ski-VM og folkefest i Trondheim!
Sparebank 1 Nordmøre setter opp transport til Ski-VM i Trondheim. I bussprisen er også billett til arrangementet inkludert.
Det skal gå fleire bussar frå Kristiansund og Surnadal, men det er bussane frå Surnadal som har ledige plassar, informerer Liv Dalsegg i Sparebank 1 Nordmøre.
Kundane i banken fekk tilbod på epost i fjor haust.
- Men det er nokre få ledige plassar som vi ønskjer å fylle opp. Du treng ikkje være kunde i banken for å være med, det er ope for alle, seier Liv Dalsegg til Trollheimsporten.
10 km og 5-mila
-Vi har plukka ut to dager, tysdag 4. mars og laurdag 8. mars. På tysdag er det 10 km, både for menn og kvinner, og på laurdag går herrane 5-mila, seier Liv.
-Avgang er frå kulturhuset i Surnadal, med ein stopp i Bolme i Rindal, på tur til Trondheim, seier Arne Berset.
Det blir transport heilt opp til plassen som heiter Litjåsen. Det er markabillett, og ikkje stadionbillett, det er snakk om. Plassen er nær Sparebank 1-teltet, på eit stort område der ein kan kjøpe grillmat, kaffe og alt mogleg rart. Ein kan òg ta med eigen mat og drikke i ein sekk.
Arne Berset kjenner området godt, og kan informere om at det kan være fire sesongar med vær i løpet av eit døgn, og så ler han godt. Ola Polden skyt inn at det er viktig å kle seg etter forholda, og sjekke vêrmeldinga dagen før.
- Men det er områder der ein kan søke ly og varme seg, om nødvendig. Vi har bestilt fem minusgrader, strålande sol og blåswix-føre, seier Arne med eit lurt smil.
Utfyllande info om alt, inkludert betalinga, kjem god tid i forvegen til alle påmeldte. - Men det er få plasser igjen, og her er det førstemann til mølla, presiserer Liv.
På veg til Trondheim blir det folk frå banken med på bussane, som skal kome med litt info og artige fakta om skisport undervegs.

Folkefest!
- Dette blir ei fantastisk oppleving, seier Arne.
– Det blir tusenvis av tilskodarar, og dette blir ein skikkeleg folkefest, tilføyer Liv.
Ho vil og informere om at Sparebank 1 har vore hovudsponsor til det norske landslaget i langrenn i ti år. I samband med dette er det arrangert «Barnas mini- VM», og for Surnadal sin del skjer det på Nordmarka. Det er ingen påmelding og alle borna får ein VM-medalje.
Link til info og påmelding til Ski-VM tur:
https://www.sparebank1.no/nb/nordmore/privat/info/barnas-mini-vm/bussturer-til-granasen.html
Link til facebooksida Barnas mini-VM:
https://www.facebook.com/events/s/barnas-mini-vm-surnadal/607410275164936/