ANNONSE:

Vellagra godbitar på Gjenbruksbua

Ligg bokormane i dvale, eller kan vi lokke dei fram med nokre 130 år gamle vellagra godbitar på Gjenbruksbua? F. eks. ein serie med stive spraglete permar og lyse skinnryggar frå Calmeyer i Christiania/Kjøbenhavn på 1880-90-tal. Vi kan ikkje nekte for at ein og annan bokorm har smaka på dei, men det garanterer at det er ekte vare. Forfattarane Victor Hugo 1802-1885, Fjodor Dostojevskij 1821-1881. Ibsen-biografi medan diktaren enno levde. Teologisk-filosofisk-naturvitskapelege bøker, romanar og historiske forteljingar. Eit par av bøkene har gotisk skrift.

Så har vi ein serie på 5 uslitne stivbind: "Hvad enhver bør vide" om Norges statsforfatning, fremmede landes statsforfatning, Norges borgerlige Love I-III.

Bøkene er skrivne eit tiår før unionen med Sverige rakna.

Og så: Den polske nobelprisforfattaren Sienkiewicz: Quo vadis. Utg.1896. Historisk roman fra keiser Neros tid. Filmatisert minst sju gonger.(Eneste autoriserede Udgave for Norge og Danmark. Tvedtes Forlag, Kristiansund)

54 heilsides illustrasjonar.

Pris heile pakka: 200 kr. Enkeltbøker 20 kr

NMS Gjenbruk Skei

Powered by Labrador CMS