ANNONSE:

Grøn veke hos NMS Gjenbruk på Skei

I år er det ikkje berre grøn fredag, men GRØN VEKE. Som gjenbruksbutikk tenkjer vi nok litt dobbelt om å delta i "svart veke" Men vår veke er altså grøn. Vi aukar ikkje forbruket ved å selge meir, vi aukar berre gjenbruken i samfunnet. Denne veka, frå onsdag 22. til laurdag 25. novemer, har vi 50 % på alle våre varer, unnateke julevarer og lys. I fjor hadde vi litt ulike prosentsatsar i løpet av veka, men dette var nok litt vanskeleg å følge med på. Så derfor gjer vi det enkelt i år.

Det meste av det vi har er ganske billig frå før. Men har nokon vore innom for å sjå på noko som dei tykte var for dyrt, så kom gjerne tilbake denne veka. Elles ei aktuell veke for å sjå på våre møblar.

TIPS: Ved å trykke på "bilde" på vår facebook-side kan du du sjå mange av dei varene vi har lagt ut den siste tida, bl.a. mykje møblar.

Powered by Labrador CMS