Møre og Romsdal Bondelag

Mann i grå genser foran en traktor
Leder i Møre og Romsdal Bondelag Olav Håkon Ulfsnes.

Bondelaget veks

Ved utgangen av 2025 passerte Norges Bondelag 59 000 medlemmer. Også i Møre og Romsdal var det medlemsvekst for første gong på mange år. – Ei positiv medlemsutvikling gir oss motivasjon til å arbeide vidare for ein betre landbrukspolitikk, seier Olav Håkon Ulfsnes i ei pressemelding tirsdag

Publisert Sist oppdatert

Medlemsveksten er størst i dei yngre aldersgruppene. Dette samsvarar med at andelen unge bønder aukar, og vi ser større optimisme i landbruket. I fjor svara ni av ti bønder at dei er stolte av å vere bønder, og at lønsemda i landbruket er betre.

Fleire bønder i Møre og Romsdal

Det er eit viktig generasjonsskifte på gang i fylket, noko som er avgjerande for framtidig matproduksjon. I 2025 blei det både fleire bønder og meir areal i drift i fylket. Ei av dei viktigaste prioriteringane våre er at dei som investerer millionar i matproduksjon, skal ha føreseielege og trygge rammer.

– Det er ein ny optimisme i landbruket, og større tru på betre lønsemd. Vi er svært glade for at fleire ønskjer å gå inn i yrket og tør å satse. Og ikkje minst er vi glade for at mange av dei vel å bli medlemmer hos oss, seier Ulfsnes.

Fleire enn bønder som engasjerer seg

Bondelaget peikar på at norsk matproduksjon er ein grunnleggjande del av totalberedskapen i Noreg. Utan aktive bønder i heile landet blir både sjølvforsyning og tryggleik svekte. Ifølgje Bondelaget er dette eit engasjement som no blir delt av stadig fleire – både i og utanfor næringa. Stadig fleire melder seg inn i Bondelaget utan sjølve å vere bønder. Fleire forbrukarar vel å engasjere seg i Bondelaget; det er eit tydeleg signal.

– Vi som bønder har ein heiagjeng som støttar oss, ikkje berre som engasjerte forbrukarar, men også som medlemmar. Det viser at vi har støtte i befolkninga bak krava våre. Eit aktivt og levande landbruk er viktig for folk, bygdesamfunn og tryggleik, seier Ulfsnes.

For medlemmene betyr dette at arbeidet som blir gjort kvar dag på gardane, også har ei betydning langt utover eiga drift. Det handlar om å sikre mat på bordet – både i kvardagen og når samfunnet blir sett på prøve.

– I møte med krig, uro og meir usikre forsyningslinjer ser folk kor avgjerande norsk matproduksjon er for tryggleik og beredskap. Vi veit at Møre og Romsdal har ein veg å gå for å bli meir sjølvforsynt med fleire jordbruksprodukt dersom ei krise skulle råke oss. Bondelaget gjer ein viktig jobb med å løfte dette fram, seier Ulfsnes.

Medlemsvekst gir større gjennomslag

For Norges Bondelag betyr fleire medlemmer sterkare gjennomslagskraft i møte med styresmaktene.

– Skal Noreg vere betre rusta i åra som kjem, må det vere mogleg å produsere mat i heile landet. Det krev politisk vilje. Medlemsveksten i Norges Bondelag gir oss større tyngd i møte med politikarar. Det at vi også veks her i fylket, gir oss større kraft når vi skal påverke fylkes- og lokalpolitikarar, men også når vi skal løfte fram saker som er viktige for fylket vårt internt i Norges Bondelag, seier Ulfsnes.

Møre og romsdal bondelag
Powered by Labrador CMS