ANNONSE: Vårdag Misjonsforening

Misjonsfest på Eidet bedehus
Søndag ettermiddag , 5.november kl. 18.00, er alle innbedne til misjonsfest på Eidet bedehus .
Det er Vårdag misjonsforening som ønskjer å markere at det er 90 år sidan 8 unge jenter på Surnadalsøra kom på at dei ville starte ei forening for Kinamisjonsforbundet, som Misjonssambandet heitte på den tida. Namnet på gruppa vart «Pikeforeningen Vårdag».
Etter nokre år var medlemstalet kome opp i 30, og møta vart haldne på omgang i heimane kvar månad. På første samling kom det inn 3 kr til misjonen ; i dag har nok dette beløpet mangedobla seg. Sjølv om antal medlemmer nok har gått nedover dei siste åra, arbeider foreninga omtrent som tidlegare, med er deling av Guds ord, informasjon frå misjonsfelta, felles song og bøn. Misjonsgåve og kaffepause er sjølvsagt viktige innslag.

Til 90-årsjubileet kjem regionsleiar Steffen Stensland. Reg.arbeidar Lars Petter Ødegård vil og delta. Søstrene Rannveig og Ruth Solbakk vil synge. Det blir historisk tilbakeblikk med 90-årsmelding, film og powerpoint. Du får også vere med å gi ei gåve til hjelpe-og evangeliseringsarbeidet som Misjonsarbeidet støttar på fleire kontinent. Mat og drikke høyrer naturlegvis og med på ein jubileumsfest.
Vårdag misjonsforening ønskjer alle vel møtt på søndag!