LESERINNLEGG:

Fra venstre Helge Kjøll Jr., Harry Valderhaug og Dorte Klokk Indrebø

Krf ynskjer eit krafttak mot mobbing og psykisk uhelse

Meir enn 10 % av norske barn i skulen blir mobba kvart år ifølge elevundersøkinga, og konsekvensane for både mobbeoffer og familiane deira er alvorlege. Både under den akutte fasen når mobbinga pågår, og av psykiske seinskader i ettertid.

Mobbing øydelegg mange liv, og tek liv. Når barn heilt ned i 12-årsalderen tek sitt eige liv fordi dei ikkje får hjelp, må vi ta grep.

Dei tilsette i skolen må få tilført meir ressursar i arbeidet sitt med å forebygge mobbing og krenkelsar i barnehage og skole. Mobbeoffer og foreldra deira opplever ofte at dei ikkje blir tatt på alvor, mobbesaker blir henlagt og aktivitetsplikta i skulane blir broten i 8 av 10 saker. Og 96% av mobbesaker blir henlagt

Oppi alt dette er ein skrikande mangel på psykologar og lange ventetider for behandling

Ein stor andel av unge uføre slit med psykiske plager, og mange av dei kan knyttast til seinskader etter mobbing. Dette påverkar også sjukefråveret i arbeidslivet.

Det trengs å ta grep for å styrke førebyggande tiltak og betre oppfølging av mobbeoffer. Dette vil både betre og redde liv, og vere samfunnsøkonomisk på sikt, med å redusere sjukefråvær og antal uføre som følge av mobbing.

Krf vil:

• Utforme ein nasjonal handlingsplan med nulltoleranse mot mobbing

• Styrke skolen sitt forebyggende arbeid opp mot livsmestring og psykisk helse.

• Styrke ettervernet for mobbeoffer, ved bl.a. oppfølging med psykolog.

• Barnehage -og lærarutdanninga må inkludere handtering av mobbesaker.

• Styrke hjelpetelefonane og chattetenestane.

• Meir ressurser til BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk og PPT (Pedagogisk-psykologisk tjeneste)

Powered by Labrador CMS