LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Trygge vegar med FrP

Kraftig satsing på trygge vegar, meir asfalt og vedlikehold av både fylkes og riksvegane, er medisinen FrP ynskjer å bruke i ei ny FrP styrt regjering

Publisert

Så mykje som 30 % av dei alvorligste ulykkene og dødsulykkene skuldast dårlig og slitt vegdekke.

Forsterka midt og kantmerking reddar liv, det same gjelder underskinner som er svært viktige ved motorsykkelulykker.

Fleire og meir omfattande bygging av gang og sykkelvegar, spesielt på skuleveg og i tettbygd strøk, er også område FrP prioriterer høgt, og har satt av betydelige midlar til i FrP sine årlige statsbudsjett framlegg.

Bygging av nye og trygge veier med firefelt der dette behøves, er viktige prioriteringer for FrP i ei ny borgarleg regjering til hausten. 

Nye og trygge vegar er både miljøvennlig, men også med betydelig ulykkesreduksjon. På våre nye firefelts motorvegar med 110 sone er dette av landets tryggaste vegar.

Her i fylket må eksportvegane prioriterast, der E-136 frå Ålesund til Vestnes skal byggjast som smal firefelts veg, og resten av E-136 som ny veg med nok forbikjøringsfelt.

E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa må byggjast som firefeltsveg, naturleg nok med sin trafikk på over 25000 bilar i døgnet.

RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger er satt igang, takket være FrP sin prioritering i forhandlingane om ny NTP.

FrP ynskjer Voldatunellen bygd med oppstart så raskt som råd, dette prosjektet er gryteklart og kan realiserast straks ny regjering kjem på plass.

Vidare er Langfjordkryssinga viktig å få prioritert som riksveg, og fjordkryssinga lagt over til Nye veier as for snarlig realisering. Også E-39 Batnfjordsøra er snart byggjeklart.

Fleire prosjekt på RV 70 er viktig å få planlagt og prosjektert for prioritering raskest råd. 

For Nordmøre er nok Todalsfjordkryssinga viktig, der FrP støtter prosjektet og vil medvirke til snarast mulig realisering, med ei god ferjeavløysingsordning.

FrP vil bygge heile Møre og Romsdal med aktiv samferdselsbygging med klare prioriteringar, der dette må arbeidast inn i dei årlige Statsbudsjetta.

FrP leverer der andre svikter.

Stem FrP!

Mvh

Frank Sve
1 nestleiar i transport og kommunikasjonskomiteen
Samferdselspolitisk talsmann
Stortingsrepresentant for FrP

Powered by Labrador CMS