The Lombal Project
Like a Heart Attack
Aprilsingelen til The Lombal project er ute
The Lombal Project, som består av Frank sPoon Botten og Gard Rognskog Nødset, slepte i dag den fjerde singelen i rekka av det som skal bli eit album. Dei har ambisjon om ein ny singel kvar månad heile året. Vi kan berre gratulere med å ha prestert enno ei god låt, som utan tvil er i tråd med prosjektet. Like a Heart Attack er følelsesladd og gripande. Samtidig som det er ein groovy og nedpå, mesta monoton grunntone i låta, er ho veldig dynamisk. Det bygger seg opp fleire gonger, og stemmen får vere eit viktig instrument. Her er det parti kor kontrasten mellom drøymande vokal og tung bass gjev gåshud. Frank fortel at låta handlar om smerter han opplever somtid, som spreier seg frå bryste og opp mot kjeven, og kjennest ut som hjerteinfarkt. Låtene i prosjektet handlar stort sett om kropp, sjel og psyke, og det er vel ikkje tvil om at det er samanheng mellom kroppslege smerter og psykisk stress. Utøvande kunstnarar som livnærer seg på kreative prosjekt utsett seg kanskje og enno meir for stressande situasjonar med relativt høg risiko. Familien Botten har fått kjent ekstra godt på dette dei siste vekene, da dei er i ein situasjon der kona til Frank, Linda, har fått ei alvorleg kreftdiagnose. No set dei familien først. Dei har fått støtte i ein spleis, og har reist til Gran Canaria for å samle krefter fram til Linda skal starte på kreftbehandling. Midt oppi dette svirrar tankane om release-konserten til SPOONMAN, Frank sitt andre aktive band-prosjekt, og det er sjølvsagt eit håp om å fylle Storstuå til randen, men det er vanskeleg å fokusere på promotering av konsert akkurat no. Undereteikna er overbevist om at konserten blir ei stor oppleving, og at du gjer meir enn å berre støtte eit lokalt band med å kjøpe billett til den. Det var opplagt at det kom til å bli ein hektisk vår for Frank sPoon, men det vart mykje tøffare opplevingar enn forventa. Vi ønskjer familien til Frank alt godt, og satsar på at dette går bra til slutt.
Låta , om har gått på repeat her i dag, kan høyrast der ein strimar musikk til vanleg.