Orkester foran en elv med hus bak.

TrondheimSolistene og JuniorSolistene kommer til Vårsøghelga

Det er stor glede å ønske TrondheimSolistene velkommen tilbake til Vårsøghelga. Denne gongen kjem dei til Storstuå på Surnadal kulturhus med eit av musikkhistorias mest ikoniske og populære verk, nemlig Vivaldis «Dei fire årstider», skriver Vårsøghelga i ei pressemelding.

TrondheimSolistene har turnert verda rundt med Vivaldi sine årstider, med m.a. Anne-Sophie Mutter, Joshua Bell og Marianne Thorsen som solistar. Denne gongen er det orkestrets leiar Geir Inge Lotsberg som er solist. Lotsberg er ein av Noregs mest ettertrakta fiolinister og pedagogar. Lotsberg spelar på ein fiolin laga av A Guarneri i 1703, ca 20 år før Vivaldi komponerte Årstidene.

På denne konserten tek TrondheimSolistene med seg sitt eiga rekrutteringsorkester JuniorSolistene med til Surnadal. JuniorSolistene og TrondheimSolistene spelar to stykker i lag på denne konserten. Eit av stykka er det uendeleg vakre stykket «Fantasia on a Theme by Thomas Tallis» av Ralph V Williams for to strykeorkester.

Annonse:

Søndag 26. mai kl 19.00 får vi ei avslutting på Vårsøghelga som kjem til å ta pusten frå oss. Sjølv om det føles som at vi på Nordmøre ofte kan oppleve fire årstider på ein og same dag, så blir dette første gongen alle fire årstidene til Vivaldi blir framført her.

Billettsalg på Surnadal kulturhus (på nett og i resepsjonen).

Velkommen på konsert.

Powered by Labrador CMS