Surnadal kommune melder

Informasjon om koronasertifikat

Koronasertifikatet er digitalt. Innbyggarane får tilgang til det på Helsenorge.no. For dei som ikkje kan bruke det digitale sertifikatet er det no utvikla ei eiga løysing.

Digitalt koronasertifikat

Ved å logge inn på www.helsenorge.no får du tilgang til det digitale koronasertifikatet ditt. Det digitale koronasertifikatet oppdaterer seg automatisk, og gjeld til ei kvar tid i 90 dagar. Du kan laste ned det digitale koronasertifikatet til mobiltelefonen eller nettbrettet ditt. Det er ikkje nødvendig med utskrift av sertifikatet dersom du har dette digitalt.

Alle som kan er oppfordra til å bruke den digitale løysinga.

Koronasertifikatet viser om du er vaksinert eller immun etter gjennomgått covid-19. Den digitale løysinga viser også resultatet dersom du har negativ koronatest (gyldig testresultat kun 24 timar).

Sertifikatet består av to delar:

  • Koronasertifikat for innanlands bruk
  • Koronasertifikat for å passere grenser i EU- og EØS-området

Treng alle koronasertifikat?

Du treng ikkje koronasertifikat med mindre du skal ut og reise til land som krev koronasertifikat for innreise, for å unngå karantene når du reiser inn i Norge, om du ønsker å delta på større arrangementer eller kystcruise med krav om koronasertifikat.

Bistand til deg som ikkje kan bruke digitalt koronasertifikat

Helsedirektoratet og FHI har utvikla ei teneste for deg som ikkje er fortruleg med digital kommunikasjon.

Frå torsdag 24. juni kan du ringe den nasjonale koronatelefonen for bistand til å få tilsendt koronasertifikatet i posten. Det kan vere kø på denne telefonen og det tek litt tid før du får koronasertifikatet ditt, så bruk den digitale løysinga på helsenorge.no om du kan.

Framgangsmåte:

  • Ha klart ditt fødselsnummer eller d-nummer
  • Ring nasjonal informasjonstelefon for korona: 815 55 015 (kl. 08.00 – 15.30, måndag - fredag).
  • Frå utlandet ringer du: +47 21 89 80 42

Saksbehandlar på telefonen vil be deg om ditt fødsels- eller d-nummer, og be deg opplyse om namnet ditt og di folkeregistrerte adresse. Dersom namnet og adressa du opplyser om ikkje stemmer med det som visast som folkeregistrert adresse i denne tenesta sitt system, kan dei dessverre ikkje sende koronasertifikatet. Du må da kontakte folkeregisteret for å avklare kva som er registrert på deg.

Dersom du har gyldig koronasertifikat, vil dette bli sendt til deg per post.

Det kan ta ei veke før du mottek koronasertifikat i posten. Du kan difor ikkje få tilsendt koronasertifikat basert på negativ koronatest, da testresultatet kun er gyldig i 24 timar.

Du må sjølv passe på gyldigheitsdatoen som er 90 dagar frå utskriftsdatoen.

Powered by Labrador CMS