Julekonsert

Rindal barnekor

Jul i hæmbøgda mi

Eit av innslaga i onsdagens julekonsert i Rindal kyrkje var Jo Sverre på heimebane med sin eigen julesong – Jul i hæmbøgda mi, men før vi fekk høre den, hadde vi fått ein stor dose julestemning gjennom kor, korps og solosong.

Publisert Sist oppdatert

Blæst’n med Olav Morten Tørset opna konserten med fynd og klem, med Per Asplin sin julegavevise «Spikke, sage, lime, banke». Godt jobba! Men dei heldt fram med eit kremnummer! Karstein Mauset har sett melodi til diktet «Trollheim» av Hans Hyldbakk, og Ronny Kjøsen har arrangert den for korps. Dette stykket vart nok største opplevinga for mange!

Rindal barnekor

Barnekor er alltid koseleg innslag i ein slik konsert. Rindal barnekor var ikkje noko unntak! Flotte ungar og gode songarar. Ei overrasking var at dei stilte med eigen medlem på slagverket, og den guten hadde rytme! Måtte tenke på «Little drummer boy!» Ronny Kjøsen og Elsa Jensvold gjer ein flott jobb med desse songarane.

Kor Gøttj

Arrangøren av konserten, Kor Gøttj, dirigert av Dagrun Løset hadde med seg kantor Bjørn Vevang på flygelet under avdelinga si. Godt gjennomførte songar!

Gruppa Bjørn Vevang, Turid Røen Kroknes og Geir Morten Øien tok heile kyrkjerommet i bruk! Det var magisk da Turid kom syngande opp midtgangen og heilt fram i kyrkja med tonefylgje frå orgel og trompet frå galleriet!

Gruppa framførte «Preludium til Te Deum av Carpenter, «Mitt hjerte alltid vanker» med improvisasjon over «Overmåte fullt av nåde» og til slutt «Julvisa» av Sibelius i utsøkt arrangement som publikum viste å sette pris på ved akklamasjonen sin.

Songkoret tormod
Jo Sverre

Songkoret Tormod dirigert av Ronny Kjøsen delte tre songar med oss, med «Nordnorsk julesalme» som solid avslutning. Kjøsen akkompagnerte på flygelet samtidig som han dirigerte koret, med full kontroll over både kor og tangentar.

Jo Sverre Sande gledde oss med tre av sine eigne songar. Han legg mykje vekt på tekstene i songane sine, men fingerarbeidet og lyd og rytme han lokkar fram frå gitaren er heller ikkje tilfeldig. Vi høre gjerne meir frå han i Rindal!

Blæst’n avslutta konserten med «In Dulci Jubilo», eller «Jeg synger julekvad» som vi syng rundt treet, før dei fekk med seg alle korsongarane fram og akkompagnerte «Deilig er jorden» for eit ståande julestemt syngande publikum. Med orgelbruset og lyse trompettonar frå galleriet tok dei tre kjente versa alle over i julemodus og ingen hasta heim. Mange julehelsingar vart delte på veg ut i midtvinternatta. Før midnatt snudde sola og jula og lysare tider låg framom oss.

Berit Moan Møkkelgård leda oss gjennom konserten på vegne av arrangøren Kor Gøttj og delte Juleevangeliet med oss.

Powered by Labrador CMS