Jenny Klinge

NRK: Klinge toppar SP-lista

Publisert Sist oppdatert

Mellom anna NRK melder at nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal Senterparti foreslår Jenny Klinge som førstekandidat til Stortingsvalet i 2021.

44-åringen frå Surnadal toppar forslaget til Sp-liste, med Geir Inge Lien frå Vestnes, Marit Krogsæter frå Ålesund og Jan Ove Tryggestad frå Stranda på dei neste plassane.

Nominasjonsmøtet til Senterpartiet er 28. november. Der vert det endeleg avgjort om Klinge, som er første nestleiar i Justiskomiteen, får førsteplassen.

Klinge har sitte på Stortinget som fast representant sidan 2009, men to år som møtande vara gjer at ho har opparbeidd seg over 13 år med erfaring og ansiennitet.

Nominasjonen tysdag er eit langt steg på vegen mot fire nye år på "Tinget" for den tidlegare varaordføraren.

Powered by Labrador CMS