Var det Troll i Trollheimstunet?

Skjærtorsdag, med rein himmel, første fridag i påska, - da inviterte iTrollheimen til bålkaffe og svele i Trollheimstunet. Klart det ikkje var troll der denne solrike dagen! Dei hadde i tilfelle sprukke lenge før kaffen var klar, men glade folk var det!

Publisert
Store og små strømma til Trollheimstunet skjærtorsdag.

Folk strømma til frå hytter og hus. Somme stoppa på veg heim etter ein lengre tur, andre drog vidare etter ein kort stopp, men dei fleste hadde Trollheimstunet som mål denne dagen.

Folksamt på Trollheimstunet.

Dei var nok enige om at dei fortente ein slik dag etter det veret som har vore. Kanskje vi har såpass mykje tilgode at det varer fleire dagar!

Ein gjeng frå Trondheim, og ein frå Ytre Enebakk - med dei assosiasjonane det kan føre med seg, hadde funne seg eit langbord og kosa seg godt i sola. Truleg har dei hytte i Helgetunmarka.
Trugesertifisering, som var kombinert med natursti.
Premien for naturstien er ei sjokoladekaka, med kvit sjokolade som snø som dekker fjellet, ei lita hytte ved eit fjellvatn i gelé, produsert av Uma Børset Bekken.
Nora og Helle fra Oslo og Trondheim får utdelt trugesertifikat etter fullført eksamensrunde.
Nora og Helle viser stolte fram sertifikatet, som gjeld livet ut. Tvilsamt om andre i skoleklassen har dette plastkortet!
Mamma Åse, påskekylling Uma og mormor Laila sørga for at lappene vart steikte og smurte med for eksempel smør, sukker og kanel - kjempegode var dei!
Blandt dei som smaka svelene var også ein frå Molde, som Gøran hevda var autorisert svelekontrollør, - tå dæm høgst utdanna!
Pølse hører også med på grillen ein slik dag.
Powered by Labrador CMS