Orgelgalleriet i Halsa kyrkje.

Historie og consertino

Halsa sokneråd og Senioruniversitetet for Indre Nordmøre samarbeida om arrangement i Halsa kyrkje onsdag 1. juni.

Publisert
Preikestolen med maleri av dei fire evangelistane og Jesus.
Koret i Halsa kyrkje.

Leiar for senioruniversitetet, Einar Oterholm, ønska 40 deltakarar velkomne til omvising og historia til Halsa kyrkje. Kyrkja er vakkert utsmykka, og har ei interessant historie, som Einar Oterholm har skreve historia til. Det var ei lydhør forsamling som lytta til foredraget.

Organist Bjørn Leifsson og møteleiar Einar Oterholm

Etter kaffepause med «græt å bakels», på skikkeleg nordmørs vis, var det konsert med organisten i Heim kommune, Bjørn Leifsson. Konserten starta med Bach og Schubert, følgde på med "Trondhjemsnatt" av Åge Alexandersen og avslutta med allsong, «I slåttatæja», av Hans Hyldbakk/Henning Sommerro. Ikkje minst må det nemnast at det var to par som hadde bryllaupsdag i dag, og dermed vart også «Bruremarsj frå Valsøyfjord» spela til stor applaus frå forsamlinga.

Leiar i soknerådet, Ellbjørg Reiten, avslutta med å snakke om korleis bygda, kommunen og bedrifter har støtta opp om vedlikehald av kyrkja, og at dette engasjementet er sterkt i dag slik som det har vore opp igjennom tidene.

Innsendt av Indre Nordmøre Senioruniversitet v/Grethe Snoen.

Kordøra i Halsa kyrkje.
Ektepara Løset og Foseide"feira" sin 54. bryllaupsdag.
Kyrkjeskipet er modell av en robåt, laga av John M. Kleivset da han var 92 år.
Forsamlinga lytta interessert til kåseriet til Einar Oterholm.
Organist Bjørn Leifsson orienterte om orgelet før han spela.
Powered by Labrador CMS