ANNONSE:

Gudsteneste for små og store:
Åsskard inviterer

Einaste gudstenesta i Surnadal søndag skjer i Åsskard. Prost Vidar Rygh leier den - med god hjelp av barnegruppa Amigos.

Publisert

Altså er dette ei samling for små og store. 6-åringane får «Mi Kyrkjebok» som gåve denne dagen – ei oppfølging av Barnas Kyrkjekveld førre veka.

To levende lys og en bok i en kirke.
6-åringane får tildelt «Mi Kyrkjebok» - eit ledd i trusopplæringa.

Amigos – leir og gudsteneste

Leiar Bodil Kvam Aasbø fortel at Amigos har leir i Bøfjorden denne helga. Over 20 ungar er med. Etter mange artige aktiviteter på bedehuset Betania om laurdagen blir det avslutning med gudstenesta søndag.

Der vil Amigos bidra med song. Og dei eldste ungane dannar musikkband til nokre av songane! Alle som hugsar Amigos-gudstenesta i fjor, veit at dette er noko å glede seg til. Også denne gong vil takkofferet gå til dette store barnearbeidet.

Barn i en kirke, en voksen spiller piano
Amigos med leiar Bodil vil sette preg på gudstenesta. Biletet er frå tilsvarande samling i fjor.

Bibelhistorier

Den gripande historia «Josef og brørne hans» blir midtpunkt i gudstenesta - med lesing, biletserie og andakt. Frå 6-årsboka kjem forteljinga om Adam og Eva i Edens hage.

Tegning av mennesker og korn
Vi får høre (og sjå!) forteljinga om Josef og brørne hans – som starta trist, men endte godt.

Truleg deltek også konfirmantar med ulike oppgåver.

Og etter gudstenesta er det som vanleg servering i Kyrkjestua.

Mennesker sitter rundt bordene og noen står.
Kos i Kyrkjestua etterpå – i år som (her) i fjor.
Mann i presteklede ute.
Prost Vidar Wilhelmsen Rygh er søndagens prest.

.

Plakat
Powered by Labrador CMS