Pyntet med frukt og solsikke foran alteret i kirken.
Ei enkelt og vakkert pynta kyrkje tok imot bygda til hausttakkefest.

Haustleg kyrkjefest

Publisert Sist oppdatert

Hausttakkefesten i Todalen kyrkje søndag vart ei fin samling med perspektiv på soldaritet og «markens grøde».

Todalen si 4H-gruppe «Start» hadde pynta kyrkja med frukt og grønt, og evigunge Torbjørn Brøske gjorde presteteneste med både jordnært og himmelprega perspektiv.

Solsikke

Lisa om dei fire H-ane

Bortimot 20 unge utgjer Start 4H. Denne søndagen var rett nok mange opptekne på anna hald, men Lisa Ranes representerte laget på beste vis. I samtale med Ragna Kvendset fortalte ho om arbeidet det dei fire H-ane blir gjort levande: Hovud-Hjarte-Hender-Helse.

Millionar manglar mat

I preika og elles knytte prest Torbjørn dette til dagens hausttakkefest. Det solidariske perspektivet er viktig. Han minte om at hundrevis av millionar menneske manglar mat. At frysarane hos oss er så fulle at vi ikkje «treng» å be bordbøn, var eit tankevekkande poeng. - Nok mat er ikkje sjølsagt, sa han og understreka at den sentrale bøna i Fadervår er «Gjev oss i dag vårt daglege brød».

Mannjamnt oppmøte

Oppmøtet i Todalskyrkja var godt. Songen tona som vanleg friskt og fyldig og løfta fram dagens innhald både i takk og solidaritet. Som i strofa Torbjørn siterte etter sin «kollega», sjømannspresten i Cardiff for 130 år sia - Bernt Støylen: «Guds munn me skulle vera, hans hand og hjartelag - og Herrens gjerning gjera så lenge det er dag!»

Om gudstenesta av praktiske grunnar kjem på annan dato enn den «rette», 29. september, lever tradisjonen med «Mikkjelsmess» vidare – ikkje minst i Todalen.

Powered by Labrador CMS