Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur

Hardhausar ved Høyløå i skodde og regn.

"Dra aldrig dit"?

Publisert Sist oppdatert

"Dra aldrig dit!" sa visstnok gamle Henrik Ibsen eingong og peika opp på fjellet (visstnok Fannaråken). Hadde det vore i dag, hadde han på det næraste hatt rett. Men trossaue fjellgruppevandrarar møtte opp og la i veg mot eit nytt turmål: den restaurerte høyløa attom Svarrafjellet, litt austafor Helvetet, for dei som veit kvar det er (teologar kanskje?). Men nokre eldsjeler (har ikkje noko med den glovarme staden å gjera!) har merka løype frå Svarrafjellstien i Kvengrødalen og rundt vestenden av fjellet til Søyådalssida heilt fram til Steinslettet og løå. Skodda låg så nedpå at vi såg ikkje Skarfjellet rett over dalen. Men ein triveleg matpause vart det lell. Slitet for dei som slo graset på dette slettet i gamle dagar, kanskje 500 m over dalbotnen, vart kommentert med ærefrykt. Sanneleg låg det ikkje ein slipstein oppmed løå. Det kosta nok tunge tak å få han dit, opp den stupbratte Søyådalslia.

Så kom regnet! Men alle kom velberga ned til bilane - takk til Asbjørn for stein og flakar i stien! - dynnvåte men glade for ei fin tur!

Neste tirsdag har vi tenkt oss til Innerdalen og Renndølsetra!

Oppstart oppi Skeismarka.
I retning Skeisnebbå.
Tjukk skodde.
Skodda lettar frå Ranessetervatnet.
Mannfolka rastar ute ved Høyløå.
Kvinnfolka rastar inni Høyløå.
Utsikt frå Høyløå denne dagen.
På heimtur i skoddehavet.
Vakkert med skodde og.
Blaut og glatt sti.
Takk for fin og frisk tur!
Powered by Labrador CMS