Annonse
Åsskard sokneråd
![Kyrkjetenar Arnt Erik Otnes var sjef for dugnaden](https://image.trollheimsporten.no/285911.webp?imageId=285911&x=0.00&y=5.65&cropw=100.00&croph=89.02&width=960&height=730&format=jpg)
Dugnad - til felles glede
Det er høgsesong for dugnad. Til konfirmasjon og 17. mai blir det pent rundt kyrkjene våre.
Måndag vart det snørta opp på Åsskard.
- Rundt tjue deltok. Og sjøl om vi kunne ha vore fleire, kom vi greitt i mål, sa dei rundt kaffebordet etterpå.
– Borttekne tre og ein grei vinter gjorde at det var langt mindre lauv enn før.
![Velfortent kaffe med bakels og svele etter endt dugnad. Desse var att da fotografen kom: Kari Johanne Aarnes, Eva Jorid Svendsen, Jane Nordstrand Svensli, Sigmund Gravvold, Lars Jostein Bævre, Kjell Aarnes og Olav Erik Otnes.](https://image.trollheimsporten.no/285916.webp?imageId=285916&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=682&format=jpg)
Dugnad er eit nøkkelord for velhaldne og trivelege bygdesamfunn. Da er det særleg grunn til å rose dei, få eller mange, som tek ansvar også der andre av ymse grunnar ikkje får til å vera med.
![Kjellaug Sollid (t.v.) og Ingebjørg Sylte Hamnes var tidleg på pletten med rivene sine. To damer med river ved kirkemur](https://image.trollheimsporten.no/285910.webp?imageId=285910&x=0.00&y=0.00&cropw=100.00&croph=100.00&width=960&height=682&format=jpg)
Slik kan fellesskapet glede seg over høgtidsstemning ved kyrkjene sine - takka vere at dugnadsånda framleis er sterk!