Kulturvøkku 2021

Kunstnarane Synøve Daaland, Inga Dalsegg og Gazelle Pezeshkmehr stiller ut verka sine i Rindal denne veka.

Kunst i Kulturvøkku

Det er tre kvinner som presenterer kunsten sin i Rindal under Kulturvøkku 2021, to på Dalalåven Atelier og ei i lokala til kaféen 3 Venner. Den siste utstillinga er jubileumsutstilling for Rindal Kunstlag som er 30 år i år!

Publisert Sist oppdatert

I år er det kunstnaren Gazelle Pezeshkmehr som er Inga Dalsegg sin gjestekunstnar på Dalalåven Atelier under Kulturvøkku. Ho bur på Ringerike og er utdanna både ved kunstfagskole i Oslo og det Kongelige Kunstakademiet i Den Haag, Nederland.

Da Inga møtte Gazelle sine bilde, trefte dei ho sterkt. Ho forsto hennar måte å jobbe med kjensler overført til bilde og gledde seg til å kunne ha felles utstilling i lag med henne.

Velkomsthelsing på låvebrua.

Gazelle kvitterte med å uttrykke at det var stor ære og glede over å bli invitert til denne utstillinga på Dalalåven Atelier.

Overraskelsesgave frå Inga!
Pusekattsokkar!
Eit av Ingas bilde av hender.

Gazelle jobbar med fotokunst, og ho fortalte at det låg mykje bak bilda. Ho har gjennomlevd tunge tider og brukte bildeskapinga terapeutisk for å fjerne stigma, gje liv til kjensler, overleving og håp.

No bur ho på landsbygda, omringa av natur og ro.

Det ligg mykje arbeid bak bilda. Først planlegging av motiv, så finne rett plass og bakgrunn, skape scene for bildet og kanskje lage kostymer. Så må ho finne ein modell, men det kan ho også vere sjølv. Til slutt kan det vere dagar og veker med bildebehandling på PC for å få akkurat det resultatet ho ønsker. Bilda blir så trykte i begrensa antal.

Resultatet er verdt eit grundig studium, og du kan sjå mange bilde på Dalalåven Atelier denne veka, og det er der du ser dei i rett lys og farge. Bilda i reportasjen er jo avfotograferte.

Sjølvsagt finn du også verka til Inga Dalsegg i utstillinga, både bilde, kalendrar og andre produkt.

Sjå meir på Facebooksida til Dalalåven Atelier!

Rindal Kunstlag 30 år

Mie Sandø introduserer Kulturvøkkukunstnaren Synøve Daaland på 3 Venner.

Kulturvøkku-kunstnar hos Rindal Kunstlag er Synøve Daaland fra Melhus. Ho bur i Melhus og har studert illustrasjon ved Norges Kreative Høyskole. Ho arbeider mest med akryl på lerret.

Sesongens første skitur!

No arbeider ho som kunstnar på heiltid, men har tidlegare vore budeie og ystar ved Grindal Ysteri i Rennebu.

Som gave frå kunstlaget fekk Synøve eit par strikkavåttar i rindalsmønster.

Ho leverte illustrasjonane til boka Rennebumålet av Joar Fjellstad. Den kom ut i fjor.

Du kan sjå meir frå Synøve Daaland på Facebooksida hennar!

Lokalmat-marked

Utanfor Dalalåven var det marked med salg av lokal mat.

Salget gjekk "som varmt hvetebrød" hos Martin frå Gardsbakeriet Hæmstelt!
Inger Lise Kvikne frå Storkvikne Gård selde først og fremst egg, medan Inger Karin Dyrdal frå Steindal gård hadde mest kjøttprodukt, men dei hadde også honning, ostar, jordbærbrus (!) og andre godsaker!
Powered by Labrador CMS