En mann og ei dame som står foran en trevegg. mellom dem henger en
Tavla «Buakaia og Ilabukta» vart presentert ved starten av programmet. Her fortel Bernt Bøe litt av historikken. Coop-styrar May Iren Dønheim Hovde (t.h.) stod for avdukinga.

Merkurdag i Bøfjorden

Publisert Sist oppdatert

Støtteprogrammet Merkur betyr mykje for utkantbutikkar som Coop Marked i Bøfjorden. Laurdag var dette feira på ulike måtar.

– Merkur betyr bortimot vere eller ikkje vere for butikkdrift i utkantane, sa dagleg leiar May Iren Dønheim Hovde da dagen opna med samling på Buakaia. - Utan slik støtte ville det bli vanskeleg å oppretthalde butikken!

Kaihistoria på tavle

Buakaia vart i 2022 restaurert, med betydeleg støtte av Merkur-programmet. Laurdag vart fullføringa av prosjektet markert. Ei tavle med historikk i foto og tekst, produsert av designaren Terje Holm, vart avduka ved at Bernt Bøe fortalte litt om kaia som både trafikknutepunkt og opplevingsarena i gamle dagar..

Kaia vart bygd av Lars Gravvold og Peder O. Bøe i 1936. Den første tida var ikkje dette fast dampskipsstoppestad – rutebåten la til berre «på signal». Men etter kvart vart Ilabukta eit betydeleg trafikknutepunkt – for transport av mjølk og andre varer og for passasjertrafikk, ikkje minst av skuleelevar.

Kaia vart overtatt av Bøfjord Samvirkelag i 1961. Da Bøbrua kom i 1964, vart bruken endra. Men fram til slutten av 1900-talet var ho mykje bruka av frakteflåten på Bølandet. I dag er ikkje minst småbåttrafikken hyppig – sia Buakaia på Bølandet har einaste bunkringsanlegg i vid omkrets.

Nærbutikkens skaper trygghet

Stor flo, regn og sørvestkuling var i og for seg ei perfekt historisk ramme om kaia ved denne avdukinga. Likevel vart resten av dagen feira inne i butikken – som venta fylt til trengsel.

Komande surnadalsordførar Hugo Pedersen hadde ei helsing der han framheva kor viktig nærbutikken er i mange situasjonar. På bakgrunn av jordraset i Dalavegane nyleg kom han inn på risikoen for sperra hovudveg ut frå Bøfjorden. - Vel finst det nødvegar, men i krisetilfelle betyr det mykje å ha butikken med nødvendige varer i bygda, sa han og nemnte også at i den spente verdenssituasjonen betyr det mykje å ha forsyningar tilgjengeleg.

Folk inne i en butikk.
Hugo Pedersen framheva kor viktig det er at utkantane har levedyktige butikkar.

«Spanderbroka»

Styrar May Iren og Coopen hadde teke på seg «spanderbroka» denne dagen. Bygdefolket, som møtte i hopetal, kunne forsyne seg av nydeleg kjøttsuppe, kaffe og kaker. Trivsel prega heile dagen. - Bua er god å ha også som sosial møteplass, sa folk.

Nærbutikk er dugnad

Mayse får mange lovord for måten ho leier Coop Marked Bøfjorden på. Sjølv understrekar ho at nærbutikk er ein slags dugnad og seier at ein må stå saman for å lykkast.

Og at bygda treng bua si, var vel helgahandelen Merkurdagens program eit bevis på!

Ei dame med Coop t-skjorte står med ei sleiv og løfter lokket på en veldig stor kasserolle.
Mayse (som også er «Buakokkå») sørga for for middag og kaffe til «heile bygda». Det måtte ei stor suppegryte til!
Kaker på et kaffebord
Og litt til kaffen var det og …
Powered by Labrador CMS