Kyrkjejubileet i Åsskard:
Komiteen i gang
Fleire lag frå bygda vil gjera kulturdugnad når kyrkja i Åsskard jubilerer dette året.
Saman med soknerådet deltek blant andre bygdekvinnelaget, dei to idrettslaga, Bøfjorden Teaterlag og Bøfjorden Historielag. Jubileumskomiteen representerer desse laga.
Mykje på blokka
Fleire arrangement markerer og pregar 150-årsjubileet. Ein songkveld er gjennomført. Påskesongmessa langfredag viser tradisjonar. Jonsvaka 19. juni byr på fotokavalkade, historiske teaterglimt og kyrkjekonsert.
Friluftsgudstenesta 26. juli står også i jubileets tegn. Her - og ved fleire høve – vil kyrkjebåten «Hjelmkonnå» ta folk sjøvegs som i gamle dagar. Sjølve jubileumsgudstenesta er lagt til søndag 4. oktober. Vigslinga av kyrkja i 1876 skjedde på same tid av året.
Jubileumsbasar i Grendahuset
Bøfjorden Grendahus er jubileets arena laurdag 25. april. Der er det stor basar med «noko attåt» - loppemarked, kaffehygge og opptrinn utanom nummersalget.
Allsong hører også med den dagen. Tonane har jo fylt huset under dei årlege Vårsongfestene på denne tida. Utan å forstyrre basaren og loppisborda vil songen kanskje trekkje ekstra publikum til Grendahuset?
Blant celebre gjestar som kjem for å støtte kyrkjejubileet (og kjøpe lodd!), er sjølvaste Møre-biskop Ingeborg Midttømme. Ho har ikkje høve til å delta på jubileumsgudstenesta i oktober, men møter oss på Grendahuset i staden.
Treng gevinstar og «lopper»
Komiteen treng sjølsagt hjelp til å skaffe basargevinstar og lopper. - Og vi er trygge på at bygdefolk og forretningar støttar opp, seier dei.
Maybrit Hakstad er basarsjef. Ho og hennar folk vil utfordre private og forretningar til å skaffe gevinstar. Desse blir å levere via kontakt til henne veka før basaren – altså rundt 20. april.
Tove Bævre styrer loppemarkedet. – Kom med ting du kan avsjå, koppar og kar, dukar og leiker. Kort sagt nyttige ting til hytte og hus, seier ho. – Kledeplagg er derimot lite omsettelege, så det tek vi ikkje imot.
Komite for heile bygda
Jubileumskomiteen består av Maybrit Hakstad (Bygdekvinnelaget), Tove Bævre (Bæverfjord IL), Sondre Bøe (Bøfjord IL og Grendahuset), Ove Åge Grimsmo (Teaterlaget), Bernt Bøe (Historielaget) og leiar i soknerådet, Eva Jorid Svendsen.
Grafikar Terje Holm har laga jubileumslogoen, som vil makedsføre Åsskard kyrkje både dette året og seinare.