ANNONSE:

Informasjonsmøte om fosterheimar 13. oktober i Surnadal
Lurar du på korleis det er å vere fosterheim? Dette møtet er for deg som er nysgjerrig på kva dette inneber.
På møtet kan du stille spørsmål om alt du lurar på, og det er heilt uforpliktande å delta. Ordførar Hugo Pedersen vil også delta i møtet.
Møtet blir arrangert av Fosterhjemstjenesten i Bufetat og Indre Nordmøre Barneverntjeneste. Du kan også ta kontakt i etterkant om det er noko du heller vil ta på tomannshand.
Dette får du vite meir om
- Kven kan bli fosterforelder, og korleis bli det
- Kva kjenneteiknar barna som trenger fosterheim, og kvifor dei må flytte frå foreldra sine
- Opplæring for å bli fosterheim, og oppfølging og veiledning når barnet flyttar inn
- Kva forventast av deg som fosterforelder
- Økonomi, godtgjering og rettar
- Forskjellane på ein vanleg fosterheim, ein spesialisert fosterheim og et beredskapsheim
Tid og stad
Kommunestyresalen, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal, måndag 13. oktober kl. 17.00 - 18.00
Meir informasjon og påmelding på Surnadal kommune si heimeside
