Pressemelding:
"Nordmøre- Stien eg fann" - Duokonsert med Gro Kjelleberg Solli og Øystein Sandbukt
Det er to av landets beste folkemusikkutøvarar vi får høre sundag 3. oktober i Stangvik kyrkje. Musikken er henta fra soloplatene til dei to nordmøringane. Sollis "Stien eg fann" og Sandbukts "Nordmør" og den nye produksjonen "April".
Gro Kjelleberg Solli trakterar song og lyre og Øystein Sandbukt diverse gitarar. Saman tryllar dei fram vàre tonar med folkelege røter, i solo og i samspel. I tillegg blir kyrkjemusikar Ronny Kjøsen med på nokre melodier.
Dette skriv dei om seg sjølv: Øystein Sandbukt har i en årrekke spilt slåtter fra Nordmøre på gitar. Dette har bl.a. resultert i soloalbumet NORDMØR fra 2011. (Spelemannsnominert 2012) I de senere år har han tatt steget videre og komponert nye slåtter over gamle lester, og resultatet kan høres på albumet APRIL som kom ut våren 2021. Her er livlig halling og sakte pols, fresk reinlender og stille vals - med hint av inspirasjon fra ganske mange av verdens hjørner.
Gro Kjelleberg Solli er fødd 1973 og er ifrå Angvik på Nordmøre, no er ho busett i Os i Østerdalen sidan 2003. Ho jobbar som frilans folkemusikar i tillegg til å ha deltidstilling som musikkpedagog ved Os kulturskole.
Gro er utdanna folkemusikar/musikkpedagog ved Høgskulen i Telemark og Norges Musikkhøgskole. Her hadde ho songlærarar som Sondre Bratland, Kirsten Bråten Berg, Ragnhild Furholt og Berit Opheim.
I 2004 og 2012 vann ho vokal klasse A under Landskappleiken, og er godt forankra i folkemusikkmiljøet.